I natt har Sverre hosta heile natta, og han hoster endå...skikkelig tørrhoste. Han våkna i natt og kom inn til oss, men det gjekk berre ikkje, for han hosta sånn at Martin holdt på å våkne.
Det enda opp med at eg og Sverre la oss i senga på rommet hans, og Ivar og Martin vart att på vårt rom.
Det var ikkje so veldig god plass i senga til Sverre, men i ei litt krokete stilling fekk vi sove etterkvart. Håper på ei bedre natt i natt! ;)
tirsdag 31. mars 2009
lørdag 28. mars 2009
Vår laurdag
Denne helga har Sverre overnattingshelg med besta og besten, så eg, Ivar og Martin er heime åleine. Må seie det har vore litt stusselig uten Sverre, men vi har kosa oss her heime allikevel. Skal uansett bli godt å få han heim att i morgon, det er så rart med det. :)
Etter ein tur på gravstedet tok eg fatt på jordbæråkeren. Det snøva rett nok i dag og, men ikkje så mykje at eg ikkje kunne renske åker! :)
Eg har luka vekk alle daude blad, men dei avleggarane som var liv i fekk stå i fred endå. Dei skal plantast når åkeren utvidast, men det blir ikkje rett endå. (På før-bildet har eg luka ferdig dei fire nederste plantane på høgre side da...).
Det var ikkje store greiene, men det viser at eg har vore på ferde. :)
Laurdagane har vi som regel eit suppemåltid på dagen. Det går i alle slags supper eigentleg, men ein av favorittane våre er Toro's kremet aspargessuppe. Den tilberedast som på pakken, men vi tilsett masse ferske grønsaker som brokkoli, blomkål, gulrøtter og poteter i terninger. Og har vi hatt fisk tidlegare i veka og løyvd litt, deler vi opp den ôg, og vips so har vi ei kjempegod fiskesuppe! Enkelt og veldig godt. :)
Så laga eg vafler litt seinare. :)
Etter ein tur på gravstedet tok eg fatt på jordbæråkeren. Det snøva rett nok i dag og, men ikkje så mykje at eg ikkje kunne renske åker! :)Eg har luka vekk alle daude blad, men dei avleggarane som var liv i fekk stå i fred endå. Dei skal plantast når åkeren utvidast, men det blir ikkje rett endå. (På før-bildet har eg luka ferdig dei fire nederste plantane på høgre side da...).
Det var ikkje store greiene, men det viser at eg har vore på ferde. :)
Laurdagane har vi som regel eit suppemåltid på dagen. Det går i alle slags supper eigentleg, men ein av favorittane våre er Toro's kremet aspargessuppe. Den tilberedast som på pakken, men vi tilsett masse ferske grønsaker som brokkoli, blomkål, gulrøtter og poteter i terninger. Og har vi hatt fisk tidlegare i veka og løyvd litt, deler vi opp den ôg, og vips so har vi ei kjempegod fiskesuppe! Enkelt og veldig godt. :)Så laga eg vafler litt seinare. :)
Blomstene og biene...
For eit par veker sidan kom det uunngåelige spørsmålet frå Sverre;
Mamma, korleis babya bli laga? Here we go tenkte ej...medan eg prøvde å tenke ut ein måte å fortelle på som vart riktig, men ikkje avslørte alt heller (eg er tilhenger av å fortelle ting slik dei er). :)
Så starta eg...Jo, dissa to plommene veit du (Sverre har funne testiklane sine, og kaller dei for plommer...), inni pappaplommene der er det massevis av små rumpetroll (Sverre får store auge), og inni magen til mamma er det massevis av små egg (endå større auge...).
Eg må legge til at eg måtte forklare at dei rumpetrolla som e inne i plommene var menneskerumpetroll og ikkje froskerumpetroll som Sverre trudde. :)
Videre fortalte eg at dei små rumpetrolla svømte inn i mammatissen og smelta saman med egga, og so vaks dei seg store til babyar (ikkje frosker eller kyllinger!). :)
Sverre: Men, korleis dei kjem seg ut av plommene da?
Eg: Dei kjem ut gjennom pappatissen.
Sverre: Åå, men korleis dei kjem seg inni magen da?
Eg: Jo...(tenke tenke) dei kjem seg inn gjennom mammatissen.
Sverre: Åå, men korleis dei kjem seg inn i mammatissen da?
Eg: (ånei...) Pappatissen er utovertiss og mammatissen er innovertiss, og dei passer akkurat sammen, så kjem pappatissen borti mammatissen, og so svømme dei inn i mammatissen.
Sverre: (ser tenkende ut) Åja. :)
Eg: (YES, ferdig!)
Kanskje ikkje den beste forklaringa, men det var den som kom opp i farta...det spørs om det må bli ei nærmere forklaring ettekvart, men denne får holde ei stund! ;)

onsdag 25. mars 2009
Barnehagedagen
Tirsdag var det barnehagedagen. I Sverre sin barnehage markerte dei den med å invitere til brennsnut, kunstutstilling, bildeframvisning frå turdagane deira og framføring av to songar. Det var veldig kjekt! Dei var so flinke alle sammen! :)

Her ein dag eg henta Sverre på barnehagen ville han klatre berre ein gong i klaterstativet før vi gjekk heim. (dette biletet er teke seinare). Det var greit sa eg, og han klatra til topps i det blå nettet.
Her er bilde av fire og femåringane då dei framførte songane sine. Sverre har stripa kvit og blå t-skjorte. :)
Han spurte; skal eg hoppe? Nei, det er vel litt høgt ned sa eg. Han stod med føtene på det nest øverste trinnet.
Men neida, han høyrde ikkje på meg, og hoppa...men eine foten hang fast og han deisa i bakken med magen først! Eg vart so redd han hadde brukke noko, men det var ikkje ei skramme på han...nesten verre det syns eg, at det ikkje viste kvar han hadde slått seg, so eg fulgte med på magen hans heile kvelden om han vart blå, men det gjekk heldigvis bra! :)
tirsdag 24. mars 2009
Det er alltid eit men...
Vi har fått endå ein dag med fantastisk vêr! MEN er det verkeleg nødvendig med eit syltynt lag snøv? Ikkje nok til å renne kjelke eller stå på ski, men nok til at det ikkje er vits i hagearbeid...
I går starta eg sovidt på jordbæråkeren med litt vedlikehald og tenkte å fortsette i dag, men den gang ei. Den skal utvidast i år. Vi har 20 jordbærplanter no, men håper på å få planta 40 til. Mmmm... :)

FaceInHole
http://www.faceinhole.com/show.asp?id=991df7d93180e1037
Prøvde å legge ut filmen her, men fekk ikkje til...det vart noko feil med html-koden.
Gjer deg klar for ein god latter!! :D
Og ja, det er meg!
Camilla J: Eg måtte berre prøve! Fann sida via bloggen din. :)

søndag 22. mars 2009
Tombola
I dag var det tombola med barnehagen på Hildre. Det er foreldreutvalget som arrangerer med foreldra som hjelparar. I år fekk Ivar æra av å selge lodd, medan eg tigga gevinster for loddbøkene med diverse lokale butikkar.
Vi kjøpte masse lodd, og Sverre og Bertrine håva inn gevinster. Dei vann bl.a. såpebobler, kjeks, fargeblyanter, påskeegg (med snop!), ballonger, potetgull, puslespel og diverse anna. Her på Hildre er det ikkje nummer på vinnerlodda, men stempel som viser dei har vunne. So får dei gå å plukke seg innepakka gevinster frå sekker. Det er stas, og ekstra spennende! :)
Eg glømde sjølvsagt å ta med fotoapparat, men tok nokre bilder då vi kom heim. Bertine vart med oss heim etterpå, og då satte dei seg ned å studerte gevinstane sine og såg barne-tv. :)

fredag 20. mars 2009
Fredagskos
To gode venner
torsdag 19. mars 2009
Måtte berre bake
I går fann eg ut at vi hadde nesten ein heil eggekartong som gjekk ut på dato, so då hadde eg ei god unnskyldning til å bake igjen. :)
tirsdag 17. mars 2009
Martin tar flaske
Her ein dag var Martin litt vrang og ville ikkje ha pupp. Men eg hadde melkespreng deluxe, so då tok eg å pumpa litt melk i ei flaske som Martin fekk prøve seg på. Det var mest tygging på tuten, men innholdet gjekk ned det! Jippi! No veit vi at eg kan vere vekke litt meir enn ein time uten at det blir krise.
Sverre tok ikkje flaske, so fram til han starta med tutekopp kunne eg ikkje stikke av i meir enn to timer maks. Men no får pipa ei anna låte ja! Neida, eg kjem ikkje til å stikke so långt uansett, men greit å ha i krisetilfelle. ;)

mandag 16. mars 2009
På vegen heim
Helsestasjonen
I dag har Martin vore på helsestasjonen for å sjå kor stor han har blitt! Han veg no 7800 gram og er 63 cm lang.
Det var veldig kjekt. Ho hadde laga vafler og kokt kaffi til vi kom, nam!
lørdag 14. mars 2009
Piknik i dalen
I dag pakka vi sekken og drog på piknik! Vi tok turen oppover Hildredalen, men vi gjekk på andre sida av elva enn grusvegen, sånn at det vart ei avveksling frå den vanlege vegen. Meir spennende for Sverre og det. Martin sov heile turen som vanleg, men det er like greit endå. Var litt kaldt for å sette seg ned ute å amme... :)
Sverre viste fram grushola dit han bruker å gå på tur med barnehagen. Såg godt at han var kjend med plassen, for han viste oss både grillplassen deira og hoppesteinen. :)
Sverre viste fram grushola dit han bruker å gå på tur med barnehagen. Såg godt at han var kjend med plassen, for han viste oss både grillplassen deira og hoppesteinen. :)fredag 13. mars 2009
Fridagsfredag
I dag tidleg var det sånn ruskevêr at Sverre fekk vere heime. Han er nedsylta for tida, og då kan han likså godt vere heime sidan eg er heime uansett! :) Vi har baka, leika og kosa oss inne heile dagen!
Martin og Sverre koser seg ilag. Sverre syns det er litt stas å få leike med Martin og leikene hans. :)
Her er Sverre sitt bakverk. Han bruker pepperkakeformene til alt vi lager, så vi tok å hadde melis på bollefigurane og dyppa dei i strøssel. :)
Eg laga berre ei deig, men Sverre ville vi skulle lage mykje forskjellig, så det vart skuleboller, kanelsnurrer, kardemommesnurrer (bytter berre ut kanel med kardemomme), og vaniljeknuter med sjokolade av samme deiga. Lettvint!
Vaniljeknutane dikta eg opp i dag...eg kjevla ut til eit rektangel, smurte vaniljekrem på, bretta eine langsida til midten og den andre oppå den igjen. Så tok eg å skar opp strimler og knytte dei til ein knute. Til slutt trykte eg nedi ein sjokoladebit i midten. Det vart veldig godt!
torsdag 12. mars 2009
Første smaken av graut
Første grautmåltidet er alltid spennende. I dag på sin 4 månedersdag fekk Martin sin første smak på noko anna enn morsmelk. Vi kjøpte inn maisgraut fra 4 måneder som skal blandast med morsmelk eller erstatning. Vi starta forsiktig med to teskjeer tynn graut.
I dag kom den
DVD-boksa med Ivo Caprino sine samlede verk! Vi bestilte den på Ivo Caprino si heimeside, www.caprino.no, og i pakken låg det jammen seks Flåklypafigurer også! Den einaste vi sakna var Blodstrupmoen, men resten av gjengen var samla. :)
Martin 4 måneder
I dag er Martin 4 måneder! No er han veldig flink å halde ting og studere dei. Han søv tre dubber om dagen og sovner for natta i ni tida. Han er ein kjempefornøgd liten stor gut, og har fått sin første smak på graut i dag. :)
onsdag 11. mars 2009
Trær til besvær, eller beskuing?
Dette er utsikta vår frå stovevindauget mot sørvest. Desse trea har vokse seg store dei tre åra vi har bodd her. Då vi flytta inn kunne vi sjå Vigra herifrå, men no dekker trea utsikta. Men det vert fantastisk flotte solnedgangbilder da! Det øverste bildet har eg fiksa litt på fargane på med picnik. Nederst er originalbildet.

Tid for hage
I år har vi ein god del som burde gjerast i hagen! Eg vil bl.a. plante hekk rundt bærhagen med rosebue til inngang, stakittgjerde rundt hytta til Sverre og heve marka på baksida av huset med ca 15 cm for å kunne gå ned på marka frå altanen med berre eit trappetrinn ned (no er det to, ikkje særlig barnevennlig...). Men det aller første som skal gjerast er å sette opp ein støttemur på baksida av huset og lage ferdig gangstien bortom huset.
Her er det som skal bli ein flott gangsti i løpet av våren/sommeren. Steinbedet starta eg på i haust som var, men det gjenstår å støype i sprekkene. Det er rundt marka her eg vil ha eit lite stakittgjerde. Der det berre er grus no skal vi ha natursteinheller (det ligg og sleng nokre rundt huset eg håper å kunne bruke), og rundt hellene skal eg plante kryptimian. Trur det blir kjempeflott! Håper berre det blir sånn det er i tankane mine, hehe.
Bortover her skal støttemuren opp. Når det regner renn grusen ut av skråninga, og tusenvis av småstein dukker opp, sukk. Det er ein stor gravejobb her altså! I tillegg skal vi bygge rekkverk på platten her.Heilt oppe til venstre kan ein skimte døra til vaskerommet. Det er trapp ned på bortsida og. Vi har fått oss ein kjempekoselig huk her på platten med hammock, men den kom ikkje med...får legge ut bilde av den seinere. ;)
Med andre ord, mykje god jobb framfor oss i år! :)
søndag 8. mars 2009
Søndagsturen gjekk til
Atlanterhavsparken i Ålesund! Det er fem år sidan vi var der sist. Då feira vi 90 års dagen til oldemor Jorunn, og eg var gravid med Sverre, so han hadde aldri vore der før. Og han likte seg veldig godt! Han sprang frå vindauge til vindauge for å sjå på fisker, krabber, kråkeboller, sjøstjerner, skilpadder, slanger og masse andre småkryp. Og so besøkte vi soklart på pingvinane! :) Vi hadde med bereselen so Martin skulle få sjå han og, men han sov i vogna si heile tida vi var der...han får vel sjå neste gong han. :)
Etterpå tok vi turen til Egon for å få oss mat. Sverre åt tre pannekaker, eit og eit halvt rundstykke, og stilken på brokkolien som låg att på Ivar sitt fat. Då vi kom oss inn i bilen var Sverre svolten igjen! Kva har skjedd?! Dette er guten som er mett etter tre biter med middag ...vi får sjå om det fortsetter i morgon, eller om det var springinga på Atlanterhavsparken som gjorde susen. :)
Vi kom akkurat tidsnok til mating av pingvinane! Sverre fekk sitje på skuldrane for å sjå betre. Det var veldig spennende med slanger og å stå heilt attmed vatnet å sjå fiskane på nært hald!
Då vi nesten var ferdig med runda i akvariet, var det mating av fisker inne i eit av bassenga, og det var ungane som fekk mate dei! Sverre likte det veldig godt, og kasta reker i fleng. Det var stor kamp om maten mellom fiskane. So traff vi på desse to havdyra, som var litt vanskeleg å avgjere arten på... ;) Til og med Elias hadde tatt turen dit! :)
Etterpå tok vi turen til Egon for å få oss mat. Sverre åt tre pannekaker, eit og eit halvt rundstykke, og stilken på brokkolien som låg att på Ivar sitt fat. Då vi kom oss inn i bilen var Sverre svolten igjen! Kva har skjedd?! Dette er guten som er mett etter tre biter med middag ...vi får sjå om det fortsetter i morgon, eller om det var springinga på Atlanterhavsparken som gjorde susen. :)
Vi kom akkurat tidsnok til mating av pingvinane! Sverre fekk sitje på skuldrane for å sjå betre. Det var veldig spennende med slanger og å stå heilt attmed vatnet å sjå fiskane på nært hald!
Då vi nesten var ferdig med runda i akvariet, var det mating av fisker inne i eit av bassenga, og det var ungane som fekk mate dei! Sverre likte det veldig godt, og kasta reker i fleng. Det var stor kamp om maten mellom fiskane. So traff vi på desse to havdyra, som var litt vanskeleg å avgjere arten på... ;) Til og med Elias hadde tatt turen dit! :)lørdag 7. mars 2009
Årets første
måltid på altanen! :D
I dag har vi kosa oss ute! Eg har endeleg fått vaska vindauga utvendig! Det vart ei ny verd å sitje inne å sjå ut no. Martin sov frå kl.12 til 15 i vogna si medan vi styra ute. Sverre har både hatt besøk av og vore på besøk med vennane sine i byggefeltet i dag. Dei bor so nært kvarandre at dei berre spring opp hit og ned dit akkurat som det passar dei. :)
Ivar og Sverre leikeslest. Sverre lurte på om Ivar huska då han hoppa opp på magen hans uten han visste det, og det huska Ivar veldig godt! Hehe. ;)
I dag har vi kosa oss ute! Eg har endeleg fått vaska vindauga utvendig! Det vart ei ny verd å sitje inne å sjå ut no. Martin sov frå kl.12 til 15 i vogna si medan vi styra ute. Sverre har både hatt besøk av og vore på besøk med vennane sine i byggefeltet i dag. Dei bor so nært kvarandre at dei berre spring opp hit og ned dit akkurat som det passar dei. :)
Her sit vi å koser oss med betasuppe på piknikbenken i solkråa vår. Ivar bygde levegg i fjor, so no er det varmt og godt her berre sola er framme. :)
Sverre fann fram matta vi bruker ute om sommeren. Den blir brukt til å sitje å leike seg på, eller å rulle seg inn som Sverre har gjort her, hehe. :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)