onsdag 11. mars 2009

Tid for hage

I år har vi ein god del som burde gjerast i hagen! Eg vil bl.a. plante hekk rundt bærhagen med rosebue til inngang, stakittgjerde rundt hytta til Sverre og heve marka på baksida av huset med ca 15 cm for å kunne gå ned på marka frå altanen med berre eit trappetrinn ned (no er det to, ikkje særlig barnevennlig...). Men det aller første som skal gjerast er å sette opp ein støttemur på baksida av huset og lage ferdig gangstien bortom huset.


Her er det som skal bli ein flott gangsti i løpet av våren/sommeren. Steinbedet starta eg på i haust som var, men det gjenstår å støype i sprekkene. Det er rundt marka her eg vil ha eit lite stakittgjerde. Der det berre er grus no skal vi ha natursteinheller (det ligg og sleng nokre rundt huset eg håper å kunne bruke), og rundt hellene skal eg plante kryptimian. Trur det blir kjempeflott! Håper berre det blir sånn det er i tankane mine, hehe.


Bortover her skal støttemuren opp. Når det regner renn grusen ut av skråninga, og tusenvis av småstein dukker opp, sukk. Det er ein stor gravejobb her altså! I tillegg skal vi bygge rekkverk på platten her.Heilt oppe til venstre kan ein skimte døra til vaskerommet. Det er trapp ned på bortsida og. Vi har fått oss ein kjempekoselig huk her på platten med hammock, men den kom ikkje med...får legge ut bilde av den seinere. ;)
Med andre ord, mykje god jobb framfor oss i år! :)

2 kommentarer:

Solveig sa...

Det kjem te å bli kjempeflott te slutt! E no kjekt å ha "litt" å pjaske med no framover :-)

Nina sa...

Ja, ej lika sånt hagearbeid. :)