I dag har vi kosa oss ute! Eg har endeleg fått vaska vindauga utvendig! Det vart ei ny verd å sitje inne å sjå ut no. Martin sov frå kl.12 til 15 i vogna si medan vi styra ute. Sverre har både hatt besøk av og vore på besøk med vennane sine i byggefeltet i dag. Dei bor so nært kvarandre at dei berre spring opp hit og ned dit akkurat som det passar dei. :)
Her sit vi å koser oss med betasuppe på piknikbenken i solkråa vår. Ivar bygde levegg i fjor, so no er det varmt og godt her berre sola er framme. :)
Sverre fann fram matta vi bruker ute om sommeren. Den blir brukt til å sitje å leike seg på, eller å rulle seg inn som Sverre har gjort her, hehe. :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar