søndag 8. mars 2009

Søndagsturen gjekk til

Atlanterhavsparken i Ålesund! Det er fem år sidan vi var der sist. Då feira vi 90 års dagen til oldemor Jorunn, og eg var gravid med Sverre, so han hadde aldri vore der før. Og han likte seg veldig godt! Han sprang frå vindauge til vindauge for å sjå på fisker, krabber, kråkeboller, sjøstjerner, skilpadder, slanger og masse andre småkryp. Og so besøkte vi soklart på pingvinane! :) Vi hadde med bereselen so Martin skulle få sjå han og, men han sov i vogna si heile tida vi var der...han får vel sjå neste gong han. :)

Etterpå tok vi turen til Egon for å få oss mat. Sverre åt tre pannekaker, eit og eit halvt rundstykke, og stilken på brokkolien som låg att på Ivar sitt fat. Då vi kom oss inn i bilen var Sverre svolten igjen! Kva har skjedd?! Dette er guten som er mett etter tre biter med middag ...vi får sjå om det fortsetter i morgon, eller om det var springinga på Atlanterhavsparken som gjorde susen. :)


Vi kom akkurat tidsnok til mating av pingvinane! Sverre fekk sitje på skuldrane for å sjå betre. Det var veldig spennende med slanger og å stå heilt attmed vatnet å sjå fiskane på nært hald!


Då vi nesten var ferdig med runda i akvariet, var det mating av fisker inne i eit av bassenga, og det var ungane som fekk mate dei! Sverre likte det veldig godt, og kasta reker i fleng. Det var stor kamp om maten mellom fiskane. So traff vi på desse to havdyra, som var litt vanskeleg å avgjere arten på... ;) Til og med Elias hadde tatt turen dit! :)


Vi koser oss på Egon. Vi sat akkurat sånn til at Sverre kunne sjå film frå båsen vår. Etterpå gjekk vi oss ein tur nede på kaia. Sola stakk sovidt fram bak hustaka nedi sentrum. Kjempefin tur!

3 kommentarer:

Siv sa...

For ein kjempeflott tur da!!

Stine sa...

Ditta såg ut som en heilt super søndags-tur. Kjekt for ungane på Atlanterhavsparken.

Solveig sa...

So kjekt dåkke he hatt det da! Kjekt med søndagstura da sikkert :)