søndag 22. mars 2009

Tombola

I dag var det tombola med barnehagen på Hildre. Det er foreldreutvalget som arrangerer med foreldra som hjelparar. I år fekk Ivar æra av å selge lodd, medan eg tigga gevinster for loddbøkene med diverse lokale butikkar.
Vi kjøpte masse lodd, og Sverre og Bertrine håva inn gevinster. Dei vann bl.a. såpebobler, kjeks, fargeblyanter, påskeegg (med snop!), ballonger, potetgull, puslespel og diverse anna. Her på Hildre er det ikkje nummer på vinnerlodda, men stempel som viser dei har vunne. So får dei gå å plukke seg innepakka gevinster frå sekker. Det er stas, og ekstra spennende! :)
Eg glømde sjølvsagt å ta med fotoapparat, men tok nokre bilder då vi kom heim. Bertine vart med oss heim etterpå, og då satte dei seg ned å studerte gevinstane sine og såg barne-tv. :)


Sverre vann ballonger med kule fjes. Får latterkrampe kvar gong eg ser på bildet! :D


Litt søskenbarnkos. ;)


Sverre og Bertine hadde so lyst til å prøve såpeboblene! Helst inne da, men der gjekk grensa, so dei åpna altandøra for å blåse litt bobler. Ivar skjønte ingenting då det plutselig kom bobler forbi kjøkkenvindua, haha! Men det kom lika mange inn som ut da...litt motvind. :)


Her har dei pakka seg godt inn i lakenet på turnemadrassa til Sverre, med påskeegga sine,


for å sjå på Emil! Tjong!

2 kommentarer:

Solveig sa...

Tombola e no alltid kjekt da! Og so spennande med pakka da! Det va lurt :-)

Nina sa...

Ja, alle kjøpe 15 pakka og pakka dei inn før dei levera dei. Kjempelurt :)