fredag 13. mars 2009

Fridagsfredag

I dag tidleg var det sånn ruskevêr at Sverre fekk vere heime. Han er nedsylta for tida, og då kan han likså godt vere heime sidan eg er heime uansett! :) Vi har baka, leika og kosa oss inne heile dagen!

Martin og Sverre koser seg ilag. Sverre syns det er litt stas å få leike med Martin og leikene hans. :)

Her er Sverre sitt bakverk. Han bruker pepperkakeformene til alt vi lager, så vi tok å hadde melis på bollefigurane og dyppa dei i strøssel. :)


Eg laga berre ei deig, men Sverre ville vi skulle lage mykje forskjellig, så det vart skuleboller, kanelsnurrer, kardemommesnurrer (bytter berre ut kanel med kardemomme), og vaniljeknuter med sjokolade av samme deiga. Lettvint!

Vaniljeknutane dikta eg opp i dag...eg kjevla ut til eit rektangel, smurte vaniljekrem på, bretta eine langsida til midten og den andre oppå den igjen. Så tok eg å skar opp strimler og knytte dei til ein knute. Til slutt trykte eg nedi ein sjokoladebit i midten. Det vart veldig godt!



Ingen kommentarer: