lørdag 28. mars 2009

Vår laurdag

Denne helga har Sverre overnattingshelg med besta og besten, så eg, Ivar og Martin er heime åleine. Må seie det har vore litt stusselig uten Sverre, men vi har kosa oss her heime allikevel. Skal uansett bli godt å få han heim att i morgon, det er så rart med det. :)

Etter ein tur på gravstedet tok eg fatt på jordbæråkeren. Det snøva rett nok i dag og, men ikkje så mykje at eg ikkje kunne renske åker! :)
Eg har luka vekk alle daude blad, men dei avleggarane som var liv i fekk stå i fred endå. Dei skal plantast når åkeren utvidast, men det blir ikkje rett endå. (På før-bildet har eg luka ferdig dei fire nederste plantane på høgre side da...).
Det var ikkje store greiene, men det viser at eg har vore på ferde. :)


Laurdagane har vi som regel eit suppemåltid på dagen. Det går i alle slags supper eigentleg, men ein av favorittane våre er Toro's kremet aspargessuppe. Den tilberedast som på pakken, men vi tilsett masse ferske grønsaker som brokkoli, blomkål, gulrøtter og poteter i terninger. Og har vi hatt fisk tidlegare i veka og løyvd litt, deler vi opp den ôg, og vips so har vi ei kjempegod fiskesuppe! Enkelt og veldig godt. :)
Så laga eg vafler litt seinare. :)


Martin elsker å sprelle med nakne føter! Her ligg han i favorittstillinga si og koser seg. :)



Ingen kommentarer: