For eit par veker sidan kom det uunngåelige spørsmålet frå Sverre;
Mamma, korleis babya bli laga? Here we go tenkte ej...medan eg prøvde å tenke ut ein måte å fortelle på som vart riktig, men ikkje avslørte alt heller (eg er tilhenger av å fortelle ting slik dei er). :)
Så starta eg...Jo, dissa to plommene veit du (Sverre har funne testiklane sine, og kaller dei for plommer...), inni pappaplommene der er det massevis av små rumpetroll (Sverre får store auge), og inni magen til mamma er det massevis av små egg (endå større auge...).
Eg må legge til at eg måtte forklare at dei rumpetrolla som e inne i plommene var menneskerumpetroll og ikkje froskerumpetroll som Sverre trudde. :)
Videre fortalte eg at dei små rumpetrolla svømte inn i mammatissen og smelta saman med egga, og so vaks dei seg store til babyar (ikkje frosker eller kyllinger!). :)
Sverre: Men, korleis dei kjem seg ut av plommene da?
Eg: Dei kjem ut gjennom pappatissen.
Sverre: Åå, men korleis dei kjem seg inni magen da?
Eg: Jo...(tenke tenke) dei kjem seg inn gjennom mammatissen.
Sverre: Åå, men korleis dei kjem seg inn i mammatissen da?
Eg: (ånei...) Pappatissen er utovertiss og mammatissen er innovertiss, og dei passer akkurat sammen, så kjem pappatissen borti mammatissen, og so svømme dei inn i mammatissen.
Sverre: (ser tenkende ut) Åja. :)
Eg: (YES, ferdig!)
Kanskje ikkje den beste forklaringa, men det var den som kom opp i farta...det spørs om det må bli ei nærmere forklaring ettekvart, men denne får holde ei stund! ;)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

10 kommentarer:
Synest no du klarte ditta veldig bra eg. Her i gården har vi sagt at ditta får du lære meir om når du blir større...snakk om å være pysete. Kanskje vi skal bruke din vri på det dersom (eller når) spørsmålet dukker opp igjen. Puhh..skulle hatt foreldre-kurs om sånne ting. Ja ja...
Hahaha, der flira ej godt, ja!! Ikkje verst! Her i huset tek mej en meir light versjon, som det at det e et frø so veks i magen til mamma. Og det he funka godt til no, utan nåkke vidare krav om meir utgreiing.
Hi-hi, tru ej kopiera ditta og lagra en plass te dei lure her. Og då satsa ej på at dei e gamle nok te å lese det sjøl ;-)
Syns du klarte ditta flott ej!
Hehe, detta va no ei ganske go forklaring detta da! :o) rett flink va du ;o)
Men hehe, d va no gøy å lese læll :o)
Takk alle sammen. :) Trudde no aldri han vart ferdig å spør mann!
Hehe, no smilte jeg godt...hehe! Synes jeg ser Sverres store øyne:D
Dinna klarte du godt Nina, tru ej skal gjer som Solveig og lagre den ;) måtte flire litt når ej tenkte på augene til Sverre :D
:-) der log eg godt... Synst du klarte dej kjempebra ej.
Hihi, det er vel ein av dei meir sannferdige versjonane eg har høyrt om :-)
Godt jobba!
Blir no ei stund til eg får bruk for ein forklaringsmodell, men får prøve å huske denne...
Ha,ha,ha!! God forklaring Nina! Bare vent noen dager til dette har sunket inn med Sverre så kommer det nok flere spørsmål! Kan hende du må vise gutten hvordan dette fungerer...!! He,he!! Her i huset har vi også klart oss med en enkel versjon, men skulle det dukke om krav om flere detaljer tror jeg jammen jeg skal henvise dem til deg!!
Legg inn en kommentar