Det er OL og det har satt sitt preg på blogginga her i heimen. Eg lover å kome sterkere tilbake når OL er ferdig! ;)
Eg kan opplyse om at Martin har funne ut at det å gå ikkje var så vanskelig likevel. Han er 15 mnd no, så det var jammen på tide, men det var ikkje unormalt seint heller da. Litt greitt at han kan å gå no før han skal starte i barnehagen. :)
mandag 22. februar 2010
søndag 14. februar 2010
Morsdag
I dag tidleg fekk eg gåve på senga med Sverre, Martin og Ivar. :)
Eg fekk ei kjempefin lilla Devold ulltrøye og eit kort som Sverre hadde laga i barnehagen med eit dikt:
Til mamma
Mamma du er lyset som skinner for meg,
ingen er så god som deg.
Når du er trist og lei,
så husk at jeg alltid vil være glad i deg.
Klem Sverre
Gode søte Sverre min. :) Etter eg hadde lest kortet og åpna pakken sa Sverre at eg godt kunne få frukost på senga, men eg sa eg skulle stå opp no, så det var ikkje nødvendig. Men før eg fekk summa meg kom Sverre tilbake med dette fatet:
Hehe! Ei pære, ein banan og ein bolle. :D
Utpå dagen var det kaffe og kaker med oldemor Halldis. Vi har kosa oss godt på morsdag/valentinsdag/fastelavnssøndag. Vi feirer ikkje Valentinsdag da. Bli litt for amerikansk for vår del, sjølv om vi kler oss ut til Halloween...hehe. ;)
I samme slengen vil eg gratulere mi mamma med morsdagen! Kjempeglad i deg! :)
Eg fekk ei kjempefin lilla Devold ulltrøye og eit kort som Sverre hadde laga i barnehagen med eit dikt:
Til mamma
Mamma du er lyset som skinner for meg,
ingen er så god som deg.
Når du er trist og lei,
så husk at jeg alltid vil være glad i deg.
Klem Sverre
Gode søte Sverre min. :) Etter eg hadde lest kortet og åpna pakken sa Sverre at eg godt kunne få frukost på senga, men eg sa eg skulle stå opp no, så det var ikkje nødvendig. Men før eg fekk summa meg kom Sverre tilbake med dette fatet:
Hehe! Ei pære, ein banan og ein bolle. :DUtpå dagen var det kaffe og kaker med oldemor Halldis. Vi har kosa oss godt på morsdag/valentinsdag/fastelavnssøndag. Vi feirer ikkje Valentinsdag da. Bli litt for amerikansk for vår del, sjølv om vi kler oss ut til Halloween...hehe. ;)
I samme slengen vil eg gratulere mi mamma med morsdagen! Kjempeglad i deg! :)
Roterom vart gjesterom igjen
Vi har hatt to gjesterom i huset vårt og begge vart ganske kjapt til to roterom. Det eine har gått over til å bli eit etterlengta leikerom som eg tidlegare har blogga om.
Men no var roterom 2 blitt så fullt av alt mulig "støff" at vi nesten ikkje fekk opp døra, så eg måtte berre gjere noko med det. Så på laurdag tømte eg heile rommet bortsett frå senga og redde opp senga, så no er det klart for gjester igjen. :) Men vi har ingen på gjestelista enda da...

No er rommet fint og ryddig, men det er verre med gangen, for alt rotet måtte lagrast ein plass, og då var gangen nærmaste alternativ. Berre synd at huset totalt sett ser meir rotete ut no når alt (sk)rotet ligg framme for alle og ein kvar å sjå...Eg må legge til at haugen er halvert no, for det var ein del klede som skal litt hit og dit til vår nye tante/onkelunge her på Hildre og vår ventende tante/onkelunge i Oslo. :) Vi enda opp med fire-fem plastnett med rusk også. Det som er igjen av haugen no skal opp på loftet.

tirsdag 9. februar 2010
Innskriving på skulen
I dag var det innskriving på skulen for Sverre. Han skreiv navnet sitt, teikna ei teikning av ein banditt (ein sånn banditt som i brettspelet"Den forsvunne diamant") og så snakka vi litt om korleis det er på skulen, kva dei skal gjere der osv.
Vi feira innskrivinga med vafler til middag i dag etter ønske frå Sverre. Ja, kven har sagt at det ikkje går an å ha vafler til middag? ;)
Då vi kom heim sette Sverre seg ned med boka, blyanten og viskelæret han fekk med rektoren på skulen. Han øvde seg på å skrive namn, sitt eget, Bertine og Jonas sitt. Og så øvde han seg på å skrive bokstavane på streken og ikkje oppi lufta. ;) Legg merke til rosa han har på bordet, eller skrivepulten som han kalte det. Han skulle jo ha det koselig da! :)
Martin var nyskjerrig tilskuer. Ser du han?! :D (Linda, finn Martin! ;D)
søndag 7. februar 2010
Godguten sin det
I kveld fekk eg beskjed med Sverre at eg ikkje måtte kome inn på stova. Eg tok med meg Martin for å pusse tenner og legge han og då eg kom inn på stova etterpå venta det eit skattekart på meg! Sverre ga meg ei kort innføreing i kartet før eg måtte på leiting etter ein overraskelse. ;)
Skattekartet starta med eine sofaen i stova, som Sverre kalla for ein hjertesofa(?). Videre gjennom glasdøra på kjøkkenet (derfor det ruta mønsteret på kartet). Så gjekk vi nokre runder rundt oss sjølve på kjøkkenet før eg måtte finne den riktige skapdøra. Etter nokre forsøk fann eg:
...ei rose inntulla i eit ark som det stod "kjære mor, eg kan ikkje leve uten deg" på. Kan det bli skjønnere?! Han hadde fått hjelp av Ivar til å skrive det, men han hadde sagt sjølv kva som skulle stå der. :) Godguten Sverre! Eg fekk ei lita tåre i augekroken må eg innrømme. ;)
Skattekartet starta med eine sofaen i stova, som Sverre kalla for ein hjertesofa(?). Videre gjennom glasdøra på kjøkkenet (derfor det ruta mønsteret på kartet). Så gjekk vi nokre runder rundt oss sjølve på kjøkkenet før eg måtte finne den riktige skapdøra. Etter nokre forsøk fann eg:
...ei rose inntulla i eit ark som det stod "kjære mor, eg kan ikkje leve uten deg" på. Kan det bli skjønnere?! Han hadde fått hjelp av Ivar til å skrive det, men han hadde sagt sjølv kva som skulle stå der. :) Godguten Sverre! Eg fekk ei lita tåre i augekroken må eg innrømme. ;)lørdag 6. februar 2010
Deilig med lengre dagar
I dag har vi vore ute å leika oss i snøven. Bertine kom på besøk og hadde med seg slalåmskia sine, så ho og Sverre kunne renne seg ilag. Vi bruker vegen frå garasja vår og ned til å renne på, for der er det ingen trafikk og det er ein passe bakke som er kort nok til at ungane gidd å gå opp att fleire gongar og ikkje så bratt at farta blir for stor heller. Heilt ypperleg til å øve seg på ski. ;)Eg laga saft og kaffi og tok med kjeks i ein ryggsekk som vi tok med oss ut i hagen til ei lita matpause. Bertine hadde med seg ein stor melkesjokolade som ho vann på tombola torsdag som ho ville dele med oss. Snille Bertine! :)
Vi har huset på nordsida av fjellet, så vi har ikkje så mykje sol på vinteren her oppe med oss. Vi skal ikkje lengre ned enn til vegen til byggefeltet før sola er framme mykje tidlegare på året, så vi er ikkje heilt sollens! ;)
Dessuten slepp eg å vaske vindauga so ofte på den måten...nånei, eg skulle sjølvsagt heller hatt sola litt tidlegare enn å sleppe ein vindaugsvask! :)
Premien min
torsdag 4. februar 2010
Tombola
I dag inviterte skulen til tombola for inntekt til dei jordskjelvramma på Haiti. Kjempeflott initiativ! Og viktig for både unge og vaksne å ha fokuset på dei som ikkje har det så lett ein gong iblant. Elevane stod på å jobba bla. med loddsalg, utdeling av gevinster og steiking av vafler. Dei hadde rulla alle lodda sjølve ôg. Rett flinke var dei. :)
Nytt forsøk
Sist eg baka brød vart eg ganske so fornøgd med resultatet og fekk skryt med Ivar og greier. Det såg ut som eg hadde funne mi oppskrift, heilt til Martin fekk ei skive til kvelds...han likte det absolutt ikkje! Det var tydlegvis so fælt for han at han følte for å skrape smulane av tunga med fingrane sine..Det var på tide å finne ei ny oppskrift...

Her er dagens resultat! Mykje saftigere og luftigere enn forrige forsøk. :) Eg brukte oppskrifta til den deiga eg har lagt min elsk på, nemleg kaiseremmeln oppskrifta! (Takk Sybell) Eg blanda i ein pakke med grovt mjøl og laga dobbel deig, så det vart eit brød og to plastposer med store deilige rundstykker:

Guttesveis
Det vart ikkje fantastisk flott, men godt nok fram til det er mulig å ta han med til frisør. ;)
mandag 1. februar 2010
Skitur til Overøye
Søndag plasserte vi Martin med besta og besten sånn at vi kunne ta oss ein tur til skitrekket på Overøye i Stordalen. På veg dit kraup gradestokken berre lengre og lengre nedover, og då vi kom til -14 grader fekk vi bange anelser om at vi hadde for lite klede med oss...heime var det berre eit par minus. Då vi kom fram til parkeringsplassen ved skitrekket var det heile -18,5 grader! Brrrr...vi hadde ikkje meir enn akkurat nok med klede på oss. Men det gjekk fint då vi kom oss oppi trekket og fekk bevege oss litt. :)Sverre imponerte for å vere første gongen i trekk. Første turen datt han av heisa, men etter det gjekk det strålande. Vi hadde sele på han sånn at han ikkje skulle vere til fare for seg sjølv og andre, for han vil helst berre renne nedover i full fart...Han skjente på han Ivar fordi han heldt han igjen i selen, hihi. :)
Godt å ta seg ein pust i bakken. Etter vi var ferdige tok eg og Ivar kvar vår siste tur i trekket åleine før vi for heim igjen. Då kom vi heim til ferdig middag med besta og besten der Martin venta på oss. Han hadde ete seg god og mett på skive med HaPå, slikka lokket og lagt seg til å sove, bedagelig. :DNye ski igjen
Vi enda opp med slalåmski til Sverre og Ivar, skibukse til meg og Ivar, todelt skidress til Sverre og heil dress til Martin. :)
Laurdags morgonen var det ut for å teste skia! Så skulle Sverre i selskap. Etter selskapet fekk vi besøk av Oda og Kaja og etter besøket hadde reist og barne-tv var ferdig, var det ut for å prøve ski igjen. :)
Romkake
Eg kjøpte ein tredelt kakebunn, dynka den med litt cider og smurte romkrem mellom laga. Eg pynta med rosa melis på toppen og kremfløyte på sidene og rundt kanten på toppen. Så sette eg marengstopper oppå kremfløyta på toppen rundt heile kaka. Til slutt strødde eg med rosa hjertepynt og sølvkuler.
Det vart ei skikkelig prinsessekake, sjølv om vi har berre prinser her i huset... ;)
Abonner på:
Innlegg (Atom)