mandag 1. februar 2010

Skitur til Overøye

Søndag plasserte vi Martin med besta og besten sånn at vi kunne ta oss ein tur til skitrekket på Overøye i Stordalen. På veg dit kraup gradestokken berre lengre og lengre nedover, og då vi kom til -14 grader fekk vi bange anelser om at vi hadde for lite klede med oss...heime var det berre eit par minus. Då vi kom fram til parkeringsplassen ved skitrekket var det heile -18,5 grader! Brrrr...vi hadde ikkje meir enn akkurat nok med klede på oss. Men det gjekk fint då vi kom oss oppi trekket og fekk bevege oss litt. :)

Sverre imponerte for å vere første gongen i trekk. Første turen datt han av heisa, men etter det gjekk det strålande. Vi hadde sele på han sånn at han ikkje skulle vere til fare for seg sjølv og andre, for han vil helst berre renne nedover i full fart...Han skjente på han Ivar fordi han heldt han igjen i selen, hihi. :)


Godt å ta seg ein pust i bakken. Etter vi var ferdige tok eg og Ivar kvar vår siste tur i trekket åleine før vi for heim igjen. Då kom vi heim til ferdig middag med besta og besten der Martin venta på oss. Han hadde ete seg god og mett på skive med HaPå, slikka lokket og lagt seg til å sove, bedagelig. :D

1 kommentar:

Trine sa...

Kjekt med slalomski. Fredrikke storkoser seg når ho får renne, og det er no so bra på overøye med barne"trekket".

Kaldt ja, ej å Chr va på Bjorli i helga og der var der ned i heil 25 kalde...BRRRR