I dag har vi vore ute å leika oss i snøven. Bertine kom på besøk og hadde med seg slalåmskia sine, så ho og Sverre kunne renne seg ilag. Vi bruker vegen frå garasja vår og ned til å renne på, for der er det ingen trafikk og det er ein passe bakke som er kort nok til at ungane gidd å gå opp att fleire gongar og ikkje så bratt at farta blir for stor heller. Heilt ypperleg til å øve seg på ski. ;)Eg laga saft og kaffi og tok med kjeks i ein ryggsekk som vi tok med oss ut i hagen til ei lita matpause. Bertine hadde med seg ein stor melkesjokolade som ho vann på tombola torsdag som ho ville dele med oss. Snille Bertine! :)
Vi har huset på nordsida av fjellet, så vi har ikkje så mykje sol på vinteren her oppe med oss. Vi skal ikkje lengre ned enn til vegen til byggefeltet før sola er framme mykje tidlegare på året, så vi er ikkje heilt sollens! ;)
Dessuten slepp eg å vaske vindauga so ofte på den måten...nånei, eg skulle sjølvsagt heller hatt sola litt tidlegare enn å sleppe ein vindaugsvask! :)


1 kommentar:
Å, det e so herlig å ha lyse ettermiddaga igjen!
Legg inn en kommentar