søndag 14. februar 2010

Morsdag

I dag tidleg fekk eg gåve på senga med Sverre, Martin og Ivar. :)
Eg fekk ei kjempefin lilla Devold ulltrøye og eit kort som Sverre hadde laga i barnehagen med eit dikt:

Til mamma

Mamma du er lyset som skinner for meg,
ingen er så god som deg.
Når du er trist og lei,
så husk at jeg alltid vil være glad i deg.

Klem Sverre

Gode søte Sverre min. :) Etter eg hadde lest kortet og åpna pakken sa Sverre at eg godt kunne få frukost på senga, men eg sa eg skulle stå opp no, så det var ikkje nødvendig. Men før eg fekk summa meg kom Sverre tilbake med dette fatet:

Hehe! Ei pære, ein banan og ein bolle. :D

Utpå dagen var det kaffe og kaker med oldemor Halldis. Vi har kosa oss godt på morsdag/valentinsdag/fastelavnssøndag. Vi feirer ikkje Valentinsdag da. Bli litt for amerikansk for vår del, sjølv om vi kler oss ut til Halloween...hehe. ;)

I samme slengen vil eg gratulere mi mamma med morsdagen! Kjempeglad i deg! :)

Ingen kommentarer: