søndag 14. februar 2010

Roterom vart gjesterom igjen

Vi har hatt to gjesterom i huset vårt og begge vart ganske kjapt til to roterom. Det eine har gått over til å bli eit etterlengta leikerom som eg tidlegare har blogga om.
Men no var roterom 2 blitt så fullt av alt mulig "støff" at vi nesten ikkje fekk opp døra, så eg måtte berre gjere noko med det. Så på laurdag tømte eg heile rommet bortsett frå senga og redde opp senga, så no er det klart for gjester igjen. :) Men vi har ingen på gjestelista enda da...



No er rommet fint og ryddig, men det er verre med gangen, for alt rotet måtte lagrast ein plass, og då var gangen nærmaste alternativ. Berre synd at huset totalt sett ser meir rotete ut no når alt (sk)rotet ligg framme for alle og ein kvar å sjå...

Eg må legge til at haugen er halvert no, for det var ein del klede som skal litt hit og dit til vår nye tante/onkelunge her på Hildre og vår ventende tante/onkelunge i Oslo. :) Vi enda opp med fire-fem plastnett med rusk også. Det som er igjen av haugen no skal opp på loftet.

Ingen kommentarer: