torsdag 4. februar 2010

Nytt forsøk

Sist eg baka brød vart eg ganske so fornøgd med resultatet og fekk skryt med Ivar og greier. Det såg ut som eg hadde funne mi oppskrift, heilt til Martin fekk ei skive til kvelds...han likte det absolutt ikkje! Det var tydlegvis so fælt for han at han følte for å skrape smulane av tunga med fingrane sine..Det var på tide å finne ei ny oppskrift...


Her er dagens resultat! Mykje saftigere og luftigere enn forrige forsøk. :) Eg brukte oppskrifta til den deiga eg har lagt min elsk på, nemleg kaiseremmeln oppskrifta! (Takk Sybell) Eg blanda i ein pakke med grovt mjøl og laga dobbel deig, så det vart eit brød og to plastposer med store deilige rundstykker:

2 kommentarer:

Siv sa...

Smeise, DET proffe brødet da, Nina!!!!

Nina sa...

E ganske fornøgd me d ja. :) Å når han Martin i tilleg he ejte ta d uten å spytte ut att, so e d ekstra stas, hihi