tirsdag 17. mars 2009

Martin tar flaske

Her ein dag var Martin litt vrang og ville ikkje ha pupp. Men eg hadde melkespreng deluxe, so då tok eg å pumpa litt melk i ei flaske som Martin fekk prøve seg på. Det var mest tygging på tuten, men innholdet gjekk ned det! Jippi! No veit vi at eg kan vere vekke litt meir enn ein time uten at det blir krise.

Sverre tok ikkje flaske, so fram til han starta med tutekopp kunne eg ikkje stikke av i meir enn to timer maks. Men no får pipa ei anna låte ja! Neida, eg kjem ikkje til å stikke so långt uansett, men greit å ha i krisetilfelle. ;)

Her ligg han å koser seg. Han kleier litt i munnen for tida, so det var sikkert godt å bite på flasketuten. Han vart litt overraska då det kom melk, men han såg positivt overraska ut. ;)

5 kommentarer:

Siv sa...

So kjekt da! Ingen av mine unga he tatt flaske før dei he blitt "gamle", men Hedda drikk av kopp da. Berre synd at ho ikkje likar noko anna enn morsmelk, og ej fær ikkje dreisen på pumping.. Jaja, e no snart slutt på heile greia no. Ho e no snart året;)

Sunniva sa...

Naman!!!! Søten der da:) Kjekt at han tek flaske da.Shopping på moa då i nærmaste framtid eller? ;) he he

Linda sa...

He blitt motsatt her i gården...
Marius tok flaske og smukk, men ikkje Sarah...
Stor han bjønd å bli han Martin da ;)

Anonym sa...

Ja, oss må snart komme på besøk te dåkke igjen no! Sverre hadde lyst å fare på besøk te han Marius å ver ute sa han, hehe. :)

Linda sa...

Ja, dåkke må komme på besøk en dag. Rekna me ungane bli heilt friske igjen snart. Va me doktoren me dei i dag. D e sånn opp og ned me feber med dei heile tida.
Sarah fekk sej hostesaft, so no håpe ej d bli slutt på at ho kasta opp slim... I går kveld måtte oss vaske soveromsgolvet 2 ganga. Alt ho åt kom opp igjen... Ho he heldigvis litt å gå på ;)