lørdag 1. august 2009

Hårmanke til besvær

Martin har trass sin unge alder ganske mykje hår. Det er både søtt og praktisk mesteparten av tida, men som han smerteleg fekk erfare i dag, kan det vere til besvær ôg...

Då Martin og Sverre bada seg i dag tok iveren litt overhand og det enda med at Martin fekk håret inni propellen (!) på ein sånn Elias-motor som ein fester på undersida av båtane...Eg veit ikkje kven som vart mest forskrekka av Martin, Sverre eller Ivar. Då eg kom inn på badet sat Martin med motoren i håret og grein, Sverre stod ved sida av heilt på gråten og Ivar prøvde å lirke ut håret frå propellen...
Det heile enda med at eg tok ei saks og klipte av hårdotten som sat fast medan Ivar heldt haudet hans i ro.

Sånn kan det gå, men alle kom frå det utan varige mên. ;)

4 kommentarer:

Veronica sa...

offa mej:S stakkars gut!

Siv sa...

Ej he to store jente med en del hår, og dei he no prøvd saksa på sej sjøl nåkkre gonga... Stusselig, men det veks no ut att;)

Camilla sa...

Oh my, ikke pent av meg, men fikk meg en god latter jeg nå Nina :o) -for en søt historie,stakkars lille Martin da, ta vare på hårlokken og skriv storyen inn i minneboka, hår til besvær ;o)Tjihi ;o) Klems

Nina sa...

Hehehe, ja, kanskje eg skal gjere det Camilla! God idê :)
Det var en sånn ting som var litt smådramatisk der og da, men morsom allerede en time etterpå, hihi. ;)