I dag tok vi turen innover til Valldalen vi ôg og fekk spandert på oss middag og bowling! Tusen takk! Det var kjekt. Så må eg få legge til at eg vant bowlingrunda. ;)
Før vi åt middag tok vi oss ein tur nedi fjøra og bada litt. Det vil seie, Sverre og Bertine bada. Vi andre vassa. :) Det var sol og 24 grader der inne i dag, så vi hadde ein flott dag. Det var kjekt å få att Sverre ôg, sjølv om han var vekke berre ei natt. Det er så rart med det når ein er vant til å ha dei heime med seg heile tida! ;)Så til noko eg ikkje har blogga om endå! Som de kanskje ser på biletet skal Elin og Øystein ha baby igjen! :D Då blir Bertine storesøster, Sverre og Martin får seg eit nytt søskenbarn og vi blir tante og onkel til ein liten gut! Det er første for oss. Vi er tante og onkel til to kjempesøte jenter frå før, og det blir kjekt med ein liten leikekamerat til Martin. :)
Datoen er 1.juledag, men Elin vil prøve å knipe igjen til 2010. ;)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar