Fredag sendte eg ei kasse med klede til Aina og lille Theodor i Oslo, men dei heldt på å ende opp med noko anna i tillegg.
Det starta med litt dårleg tid om morgonen og mange ting som skulle vere med ned trappa og inn i bilen. Eg hadde ikkje teipa saman kassa på toppen endå, så eg la alt sammen oppå kassa og bar det ned trappa.
Så tok eg alt eg hadde lagt oppå kassa og la det i veska mi. Kassa vart lasta inn i bilen og eg kom meg avgårde.
Då eg kom på jobb fann eg ikkje telefonen min ved første leiterunde i veska (mykje stæsj der), så eg gjekk ut til bilen igjen for å sjekke om den låg igjen i kassa. Neida, ingenting der.
Eg tenkte at telefonen sikkert hadde havna utanfor veska i gangen heime i farta.
Då arbeidsdagen var ferdig lånte eg ein teiprull frå jobb og teipa kassa godt saman. Så bar det opp på postkontoret på butikken.
Like før han som jobba der tok med seg kassa, følte eg at eg måtte sjekke den ein gong til, så eg spurte om han hadde ein telefon på seg.
Jau, det hadde han, så da spurte eg om han kunne ringe til telefonen min, for eg trudde den kanskje låg att inne i kassa....ja, rimelig flaut....
Med eit lurt smil om munnen og sikkert mange tanker om kor dum det går an å bli, ringte han nummeret mitt.
Litt letta høyrde eg ingen ringelyd frå kassa, men det gjorde han! Der inne låg telefonen min å dura, med vibrering(!), på den sida han lytta på. Neineinei! Eg kunne ikkje anna enn å flire, kanskje ikkje so mykje som han, men eg flira i det minste.
Då var det berre å sprette opp att heile kassa som eg hadde brukt sikkert fem minutt på å teipe omhyggeleg saman...
Men eg var ganske fornøgd med at telefonen min ikkje vart sendt til Oslo da, hihi. :D
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

2 kommentarer:
Ha ha, so artig da. Og so flaks at du ikkje sendte den nedover. Ha no tatt litt tid før du fekk den att sikkert. Ha no ei artig historie å fortelle når han kom heim han postmannen da i alle fall :-)
Ja, og ikkje minst på butikken sia d va sånn postkontor inne i butikken...kan no ikkje vise mej der meir ej no! ;)
Legg inn en kommentar