Dei fekk også vite kva reglane på skulen var. Sverre fortalte meg at det var eit trafikklys der, og når det var grønt kunne dei snakke, når det var gult måtte dei kviskre og når det var raudt skulle det vere heilt stille. -Men for meg kunne det vere raudt heile tida, for eg hadde ikkje tenkt å seie noko, sa Sverre. :D
Då Sverre kom heim var han så sliten at han sovna på sofaen, men i kveld sette han seg ned med heftet sitt og skreiv både tal og bokstaver. Han har lært seg å skrive bokstaver etter ordlyden no. Ikkje alle da, men han kan skrive navna våre ved å stave dei høgt. Vi syns han er kjempeflink! :) Eg trur ikkje eg kunne å skrive før eg hadde fylt 6 år iallefall.

1 kommentar:
Spennande med førskule da! Her på øya e det førskule imårga, og Emma e ganske so spent trur ej :-)
Sverre kjempeflink!
Legg inn en kommentar