Eg syntes at dei andre tok litt lett på heile raftinga, så eg følte meg forplikta til å hinte om at rafting kunne vere ganske farlig og etter ei lita stund i bilen med meg kom det krypande over dei andre ein litt usikker følelse på heile raftinga. Den usikkerheita vart ikkje mindre då vi kom opp til flåten og fekk informasjon om ulike scenario som kunne utspele seg i elva, som feks. å havne under flåten.
Eg hadde ikkje så lang tid på meg til å tenke så mykje før vi var i elva, så nervøsiteten tok heldigvis ikkje overhand. Vi fekk litt øvingstid i rolig vatn før vi sette utfor elva! Det var kjempegøy!
Sjølvsagt litt skummelt også, spesielt då vi skulle hoppe i elva fullstendig frivillig for å kjenne på vatnet og kreftene så vi var forberedt i tilfelle vi datt uti elva. Og det var bra, for både Sunniva, eg, Kjersti og guiden havna uti. Sunniva første gongen då flåten huka seg i ein stein og fekk ein snurr, og eg, Kjersti og guiden datt uti samtidig då vi kom sidelengs inn i ein "kulp". Det føltest litt dramatisk ut der og då, og det var det kanskje også, men vi kom heilskinna ned alle saman. For ein opplevelse! Anbefalast. :)
Neste stopp var Moa. Eg hadde pumpa opp ballonger og laga hatter og sverd heile vegen frå Valldalen til Moa, så eg rekna med eg skulle selge dei der. Det var visst planen òg, men vi var litt seint ute, så Moa var stengt. Eg fekk bange anelser då vi ikkje drog frå Moa med ein gong, men stod å speida etter noko eller nokon....jau, der kom Jan Egil på motorsykkel og eg skulle sitje på ut til byen! Neineinei tenkte eg. Motorsykler klarer eg meg fint uten og er mildt sagt lite begeistra for dei. Men er ein på utdrikkningslag så er ein på utdrikkningslag, så eg måtte berre bite i graset og sette meg bakpå, med full uniform sjølvsagt. Det gjekk heilt fint, men eg kjøm ikkje til å kjøpe meg sykkel for det.
Vel ute i byen bar det opp i parken på photoshoot med Sybell! Der kom Linda, Hege og Torill for å vere med videre på utdrikkningslaget også. Det vart sikkert mange artige bilete der! Gleder meg til å sjå dei. :)
Vi fôr videre til ny stopp med tapaskurs! Vi hadde heile 2.etg. for oss sjølve og laga all maten sjølve nede i kjelleren. Det var kjempegøy å lage mat ilag med alle saman! :D Etterpå fekk vi ete maten vi hadde laga og koste oss med god drikke attåt. Kokken vi hadde hjelp av var både morosam og dyktig, så alt gjekk på skinner, bortsett frå eggekokinga. Ikkje sant Sunniva og Evy? ;D Og klippfisken som viste seg å vere butterdeig, Linda? Hihi! :D
Etterpå bar det videre i bil igjen. No enda vi opp på Hildre igjen oppover Hildredalen. Der stod ein følgebil å venta og det var fleire stopp oppover før vi kom fram til hytta. Eg måtte bla. springe 10 ganger rundt ei flaske og teikne ein katt etterpå og gå baklengs siste 50 meterane til hytta. Der var det fyrt i peisen og tent stearinlys og satt fram masse snacks!
Alle hadde kjøpt ein pakke kvar til meg med noko inni som skulle få meg til å skjøne kven som hadde kjøpt kva pakke. Eg fekk alle riktig bortsett fra eit par stykker. :)
Tusen takk for ein kjempegøy dag jenter!! :D
Og takk for at eg slapp å spele klarinett på St.Olavs plass oppå ei statue kun iført bikini. ;)

2 kommentarer:
Ditta haurest ut som eit kjempeflott opplegg!!! Oss va sjølv på rafting i reidunn sitt utdrikningslag, og det va knallgøy!! Ej klarte å dette ut før mej i det heile tatt ha begynt, so der he du mej, hihi. Lykke til vidare i forberedelsane, Nina:)
Bra du storkosa dej Nina! :D tihi!!
Legg inn en kommentar