Sverre hadde veldig lyst til å grille marshmallows, så då gjekk eg og Sverre rundt å plukka tørt gras og tørre kvister for å lage eit lite bål i hagen. Det passa fint å ha bål i området som Ivar har gravd i. Eg trudde det berre kom til å seie poff, så var graset oppbrunne, men vi rakk faktisk å grille kvar sin pinne med marshmallows på før det brann ut. :)
Det er umulig for både den eine og den andre å ha ei lita gravemaskin i hagen uten å prøve den! Så eg fekk ta spakane for ei prøverunde. Eg klart jammen å lesse tre trillebårer uten å velte den! Det gjekk rett nok litt sakte da, men målet var å ikkje velte trillebåra, ikkje å sette ny fartsrekord. ;) Sverre fekk ôg prøve litt! Det var VELDIG stas som de ser på biletet, hihi. :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar