fredag 8. mai 2009

Inspirasjon

Då Solveig la ut på bloggen sin at ho hadde sydd nye klede av gamle, fekk eg ein idè til noko eg kunne gjenbruke ôg. No kan ikkje eg å sy, men eg liker å lage ting. :)

Eg har som nevnt før her på bloggen, sådd sukkererter, og no har dei vakse seg så store at det var på tide å få planta dei ut i bed. Men her på Sunnmøre er det ikkje alltid vindstille for å seie det sånn, så eg kunne ikkje berre plante dei ut kvar som helst...og då kom idêen!

Vi har hatt ei trapp med 3 trinn liggande utanfor huset ei stund no som vi arva frå Elin og Øystein då dei ikkje trengte den lengre. Vi hadde bruk for den på baksida av huset, men no har vi laga platting der og trappa låg berre å slang og var i vegen. Ivar tok å saga den opp i tre delar for å gjere den litt meir hendig å kvitte seg med, for den var ganske tung. Men vi har ikkje kvitta oss med den enda, og bra var det, for eg fann ut eg kunne bygge den om til plantekasse for sukkererterne våre!

Eg tok to av trinna og spikra dei saman, og vips, ei kasse! Og det før klokka passerte 11.30. :) Ikkje den finaste kanskje, men eg ser på den som rustikk! ;)


Bortom huset ved hekken til naboen ligg det ein rull med nettinggjerde... ;)
Eg spurde om det var han sitt, men det var det ikkje, og det har vore der i mange år no sa han. Då tok eg sjansen og klipte med meg eit par meter! Det vart ei perfekt støtte for plantane å klatre i! :)
Så fylte eg småstein i kassa, la duk og mold oppå og sette ned plantane. Kassa står rett bak leveggen på altanen vår, så her får nok sukkererterne vekse i fred. :)

5 kommentarer:

Solveig sa...

Så lurt, Nina! :-) Synest blomsterkassa var kjempefin. Veldig stilig med "gamle" trekasser!

Jill Alice sa...

Den kassa va no utrulig kul! Flenk du e! E so kjekt å kunne bruke ting som bety nåke i staden for å kjøpe nytt..!
Håpe sukkerertne blir stor å fin noda :)

Siv sa...

Råbra, Nina!! Mykje finare dinna enn om du ha gått og kjøpt ei! Og sukkererter e en hit her i huset, ihvertfall:)

Stine sa...

Slettes ikkje dumt ditta. Og blomsterkassa såg kjempefin ut!

Nina sa...

Tusen takk alle sammen! :) Ja, no bør det bli masse sukkererter! Lure på om ej kanskje he planta dei litt tett berre... :/