I haustferien var eg heime med ungane og vi storkoste oss! Eine dagen laga vi muffins. Guttemuffins og jentemuffins, i tilfelle Bertine dukka opp ifølge Sverre. Omtenksom han. :)
Det mest utrulige var at ho faktisk kom bort akkurat då eg tok dei ut av ovnen!
Karane i full gang med å røre ut muffinsblandinga. Ja, det vart muffins på 1-2-3 denne gongen. Lite husmoraktig ja, men av og til skal det berre skje der og då, så det er godt å ha lettvinte alternativ i skapet til sånne stunder. ;)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar