Vi dikta opp ei historie om at vi skulle lure Gretha med på tur sidan ho hadde bursdag den dagen, og at vi hadde fått Ragnar til å passe på at ho ikkje skulle noko anna. Trur du vi klarer å lure ho da? spurte Ivar. Det er jo ikkje vanleg at far får ein telefon som ho ikkje veit noko om, sa han.
Så vart han bekymra fordi ho skulle lage brennsnut og inviterte oss ned dit til laurdag, men det fekk vi forklart vekk med at ho ikkje kom til å starte å lage den før vi hadde tatt ho med oss.
Så laurdags morgon var Ivar klar for å lure Gretha, så vart han lurt sjølv! :D
Ivar hadde sjølvsagt dusja og alt han sidan vi skulle avgårde på tur. Men det var ein liten strek i regninga at han hadde lagt seg ned i senga igjen utan å ordne seg då bussen kom! Eg ropte til Ivar at no måtte han hive seg rundt, for no fekk han besøk. Kven da? Så ser han ut vindauget. Ein heil buss!? Då vart det eit hatteføk å ta sveisen og eg fekk skjorta i fleisen, her, stryk kjerring! ;)
Eg trudde ikkje dei kom før om ein halvtime eg, sa eg. Eg trudde ikkje dei kom før om ein månad! sa Ivar.
Men han kom seg i veg og hadde ein kjempegøy dag med havrafting i byn, bartenderkurs på Hareid og dans i Fosnavågen. Dei hadde ein svipptur nedom lettflyet på Slyngstad, til Ivar sin store skrekk, men det var berre kødd heldigvis. ;)
No venter eg spent på kva Linda har pønska ut for meg. Hjelp!!

1 kommentar:
Årets fest for guttane ditta....trur dei hadde det veldig kjekt på dinna turen !!!
Legg inn en kommentar