Heilt sidan Ivar sitt utdrikkingslag 1.mai har eg venta på mitt. ;)
Eg var ganske sikker på at det kom til å vere ei av dei to helgene Aina var her oppe, men neida, ingen kom for å kidnappe meg...Då må det bli denne helga tenkte eg.
I går fekk eg hjartet i halsen, for av alle ting så stoppa det ein minibuss nede på vegen i byggefeltet vårt! Eg var sikker på at den var til meg, men den køyrde sin veg og kom ikkje tilbake.
I dag tok eg og Ivar med oss ungane til byen for å kjøpe dei dress til bryllupet vårt og eg venta heile turen på at Ivar skulle sette meg av ein stad der det stod ein minibuss eller noko liknande og venta på meg. Då vi var på veg heim spurde Ivar meg om eg fortsatt venta på å bli henta av nokon, så eg sa at eg var ikkje trygg før eg hadde lagt meg. Her sit eg seint på kvelden og ser på Eurovision songcontest mutters åleine og blogger mellom sangane. Hallo!? Er eg gløymd eller?
No må det bli neste helg, for helga før bryllupet skal eg bruke til siste forberedelsane, så då er eg utilgjengeleg, berre sånn at du veit det Linda. ;)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

4 kommentarer:
Utdrikningslag,
ka d e for nokke?
Ops, d he oss heilt glømt! Eller? ;-)
Tenk da, Nina, at no e du i den "heldige" situasjonen at du ikkje kan bestemme eller ha kontroll på nåkke so gjeld ditta;0);0) Ekje det kjekt vel? Ej vart henta en dag på jobb ej, so berre ikkje set og vent. Det skje når du minst ana det:) Men ha det kjekt, uansett!
Nåja, ej tenke ej bli overraska uansett. Ej gjeng å e heilt paranoid ej no om dagane. :D
Legg inn en kommentar