tirsdag 14. april 2009

Påskeferie på Flem

Denne påska har vi vore på Flem ei heil veke! Tante Aina, onkel Johan og Tuva kom oppover frå Oslo, og tante Sunniva og onkel Jan Egil har ôg vore mesteparten av påska på Flem. Så mormor og morfar har hatt fullt hus, og ikkje like mykje ferie som vi andre...det er mykje arbeid med fullt hus! Men vi velger likevel å tru dei har kost seg med barnebarna sine iallefall! ;)

Vi har styra med mykje forskjellig, og her er nokre bilder av det vi har gjort på:


Linda, Per Kristian, Marius og Sarah var ein liten tur på Flem dei ôg, og her er Marius og Sverre i full gang med å finne mat til krabbane dei fiska i fjøra. Dei har det veldig kjekt ilag desse to! :)


Mormor og morfar investerte i ei sandkasse for ei tid tilbake, og i påska vart den fylt opp med sand. Det var stor stas for Sverre og Tuva! :)


Sverre likte seg på motorsykkelen til onkel Jan Egil. Håper han aldri kjøper seg det.... :/


Eg og småtrolla mine. :)


Vi trilla ein tur ut på Klubben på baksida av øya. Det blåste opp litt akkurat då vi gjekk, men vi bestemte oss for å fare likavel. Det var mange spennende plasser å klatre for Sverre!


Sverre hoppa og spratt frå stein og tuer heile tida!


Eg visste ikkje Sverre var blitt so driftig i fjøsen. Han mata, klappa og snakka med dyra. Eg vart litt nervøs av å vere på låven, for Sverre gjekk rundt dei to hola i golvet heile tida og prata ned til dyra, so eg måtte berre gå til slutt...ja, bekymra mor! ;)




Sverre laga pizza ilag med tante Sunniva eine dagen. Den vart kjempegod! Tuva og Sverre har godt selskap i kvarandre no.


Endelig fekk Sverre prøve badestampen! Han storkosa seg, men enda opp med hue, for det vart kaldt på øyrene hans. :)


Eg tok meg ein tur nedi fjøra og prøvde meg litt som fotograf. Det var ikkje vanskelig å finne gode motiv. :)

6 kommentarer:

Siv sa...

Ei flott og innhaldsrik påske, ser ej, og ej tru nok at mormor og morfar på flem he kosa sej stort med huset fullt av folk:) Og smeise for nåkkre stilige bilde du hadde tatt i fjøra!! Du sku ha vør med i fotoklubben vår du, Nina!

susanne sa...

Dokke he hatt ei flotte påske, det er ikke vanskelig å sjå hverfall!!!
Men ej va ikke klar over at du er en datascrappar...kjempeflotte LOar du har laga Nina...gleder meg til å sjå fortsettelsen!!!!

Nina sa...

Skulla gjerne ha vør me i en fotoklubb ja, men ej held mej foreløpig te d private. ;) Litt tungvint å pendle ut dit endå iaffal!

D va jomfruscrappinga mi ditta. He aldri scrappa på data før, og sovidt berre i ein album...men takk! :)

Nina sa...

ka en LO e forresten!? Avslørte ka lite ej veit no ja. :)

Linda sa...

Masse fine bilde fra øya da, Nina.
Å so flink du he vør å scrappa. Ka program du bruka?
Va so arti ditta eine bilde av ho Tuva...

Nina sa...

Ej bruka picnik. Dei he nokre varianta der i gratisversjonen. Fancy collage heite d. Ekje meir avansert enn det nei! :)