onsdag 1. april 2009

Grov bakst denne gongen

I dag laga eg ei stor brøddeig, og laga både rundstykker og brød. Eg brukte ei ferdigblanding (Regal grove rundstykker) og blanda inn meir mjøl og havregryn, ei ekstra tørrgjær og eit egg.
Til slutt pensla eg dei med vatn og dyppa dei i sesamfrø.

Eg har aldri klart å få luftige rundstykker eller brød før (dei har vore tunge som stein), men denne gongen rulla eg dei ut og gjorde dei klar for steiking og sette dei til etterheving. Så trilla eg for å hente Sverre i barnehagen, så dei etterheva i over ein time før eg steikte dei, og det gjorde susen! Kjempegod luftig og lett brødbakst vart det!

Eg fekk 35 store rundstykker.

Og to brød. :)


Ingen kommentarer: