I dag drog Ivar og Sverre til Søvika for å handle inn juletre. Eg og Martin vart igjen heime og kosa oss og venta på å få juletrelukt i huset. Det er ei av dei beste luktene eg veit om!

Her har juletreet kome i hus på sin faste plass i stova. Ikkje pynta, men på plass. Det blir nok pynting i morgon!

Medan Ivar og Sverre var på tur, tok Martin seg ein lur, og eg fekk tid til å pynte pepperkakehjertepinnane mine. :) Eg laga dei i går, men rakk ikkje å pynte dei då. Eg fekk idèen frå ei utgave av Norsk ukeblad. Pinnane er vanlege grillspyd av tre som ein kjøper på daglegvarebutikkar, og dei stikk ein berre inn i pepperkakene. Det er viktig å lage litt tjukke pepperkaker sånn at spyda blir dekte (og då treng dei litt ekstra steiketid også, mine stod i 15 min.). Så er det berre fantasien som set grenser for kva ein kan pynte dei med! :)

Eg kjøpte cellofan som eg pakka dei inn i, og knytte med gåveband. Syntes sjølv dei vart ganske fine da. :)
Tenkte å gi dei vekk til jul! Sverre og Bertine (søskenbarnet til Sverre) har allereie fått kvar sitt :)
Jonas (kompisen til Sverre) var på besøk i dag, og då han vart henta fekk han med seg eit til seg og eit til storesøstra si Julie også. Eg synest det er kjempekjekt å lage sånt og gi vekk til familie og venner. :)

Så rakk eg å lage ei karamelldeig(?) også som stod å kokte medan eg pynta pepperkaker.
Eg var nok litt rask å ta den av plata, for den stivna ikkje før etter tre(!) omgongar i panna då massa endeleg var tjukk nok til å stivne. Det var like før eg gav opp heile karamellene, men tenkte eg skulle gi dei ein sjanse til, og det var bra, for dei vart gode! Her er eg og Sverre igang med å pakke dei inn. Prøvde med Cellofan først og papir frå Quality Street etter idè får Elin (søstra til Ivar), men det tok altfor lang tid, så eg fann fram nokre farga aluminiumsfolie som eg hadde liggende (merka Panduro, kjøpt på Nomi). Og då fekk Sverre også til å pakke dei inn, og det gjekk rasande fort!

Her er karamellehaugen vår, og det kjem nok til å drype litt på familie og venner frå desse og. ;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar