Men i vår kom det ein hageidè krypande inn i tankane mine igjen, så eg sette meg ned med skisseblokka og teikna som best eg kunne. Dette er det foreløpige resultatet, men det er laaaangt fra ferdig enno. :)
Ein trappebærhage! Eg har planta bærtrea i skråninga og laga trappeavsatser både over og nedom dei. Eg har gjort det på denne måten med duk, heller og singel både fordi det er lettere å hale det ved like og fordi det er ei ganske bratt skråning som det er umulig å fotfeste seg i når det er vått. Vi er nemleg plaga med leirejord, så når det er tørt er bakken steinhard, og når det er vått er alt berre ein stor gjørmehaug. Men no skal det gå bra! :) Eg har planer om endå ein avsats med bærplanter og ein hellesti over den også. Det skal gå ei trapp opp langs heile bakken, og vi skal ha ein lun sitteplass omtrent der eg står og tek det høgre biletet ifrå. I nederste rekka har vi no jordbærplantane nedi støttesteinane i staden for i skråninga der denne trappebærhagen no er. Det er nesten som ein moderne lund! ;)
Då alle bærplantane fekk seg nye plasser, vart det plass til søtkirsebærtreet på marka i staden. No er plenen full av svarte, passe store rundingar. ;) Eg har planer om at dette treet skal bli stort og flott, sånn at vi kan ha ein piknikbenk under treet der vi kan kose oss heile året. :)
Så vart det hekk også! Dette er duftsyrin. Den har blomster som lukter kjempegodt! Den blir ca 3 meter høg, og det passer bra når den er nordvestvendt på tomta vår, så vi får litt lunere hage.Eg har mange fleire idèer, både som har komt på papiret og som fortsatt berre er i haudet mitt, så det blir nok fleire oppdateringar på hagen etterkvart. Kanskje eg skulle ha laga meg ein hageblogg?

3 kommentarer:
For nåkken gode idea, Nina! Du e no kjempeflink! Ej kjem i alle fall te å følge med på hagebloggen din :-)
Kor flink du e :)
Kanskje du kan komme en tur i min hage en dag å gi mej nokke tips ;)
Takk. :)
Ja, ej kan godt ver hagekonsulenten din Linda! :)
Ej tru ej kjøm te å lage en hageblogg ej Solveig! :)
Legg inn en kommentar