Tidlegare i veka hadde vi kjempeflott båtvêr, så vi løyste båten for å ta oss ein liten tur. Vi hadde ikkje planlagt nokon destinasjon, men vi enda til slutt heilt ute på Ona etter ein pitstop på Finnøya der vi kjøpte is.På Ona gjekk vi opp på fyret berr for å ha gjort det, så åt vi middag på Ona havstuer sin restaurant. Vi har ete på ein del restauranter opp gjennom åra, men vi har aldri fått så store porsjoner som der! Eg bestilte bacalao og Ivar bestilte fiskesuppe. Vi kunne lett ha delt porsjonane i to og likevel vore stappmette. Maten var nydelig. Det var øya ôg. Det var vår første tur dit og eg la min elsk på fyrvokterhuset. Det var berre så flott! Eg ønsker meg eit sånt sommerhus ved havet eller eit vatn ein stad. Det har eg gjort lenge. Det var eit hus til salgs på Ona, men det hadde ikkje tomt, berre huset, så det var ikkje så interessant. Eg MÅ ha hage. :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar