søndag 29. august 2010

Det blomstrer i hagen enno

Haust betyr ikkje at det er slutt på hagelivet! Å ha ein hage som blomstrer frå mars til oktober er ein draum for mange. Det er det for meg ôg. Eg har brukt ein del tid på å finne planter som avløyser kvarandre i blomstringa, men det er ikkje alltid så lett å huske kva som var kva når det blir planta i fleire runder og kanskje over fleire år. Det er vel knapt ein plante som står på samme plass i bedet no som då dei vart planta første gongen...Men det kjem seg! Her er nokre bilete av planter i hagen vår som blomstrer no lenge etter at mange andre er ferdige for i år:

Klatrerosa mi! Heidelberg meiner eg på at den heiter. Om ein klipper vekk avblomstra knopper like over eit nytt skudd, så lager rosa mange nye knopper!

Det er ikkje berre blomster som står i sin prakt no, men hageblåbæra er på vei, og sukkererterne som vi var litt seine å få i jorda i år har starta å kome no.


På stien vår som eg har brukt mykje tid på, har thymusen endeleg begynt å snirkle seg rundt hellene. Her er det fire ulike sorter thymus, nokre er kvite og andre har rosa blomster. Dei kvite sprett først, så kjem dei rosa på rekke og rad. No blomstrer denne sorten på siste verset for i år.


Liljer har prydverdi heilt frå vår til haust. Den er veldig fin no når den blomstrer! Den er planta saman med bl.a. phlox som blomstrer frå tidleg vår til midtsommers. I steinbedet eg har laga har det kome fleire nye vekster i år. Den rosa kryprosa Sandefjord har enno mange knopper som ikkje har blomstra, men peppermyntebuska har vore ferdig i nokre veker no.


Blomster i krukker er veldig fint! Og dei kan ein berre bytte ut til haustblomster når sommerblomstrane er ferdige! Korga er nyplanta med forskjellige haustblomster, men dei andre er blomster som har overvintra i kjelleren. Det var spennende å sjå om dei kom igjen i år, men det gjekk heilt fint. Dei skal få kvile i kjelleren i vinter også.


Mi nydelige kryprose Pink the fairy. Den har ikkje blomstra så lenge og den har massevis av knopper, så denne vil nok blomstre til langt utpå hausten. :)
No er det berre å vente på at frukttrea skal beskjærast! Ja, eg elsker hage og alt arbeidet med den! Til og med luking. Men om nokon finn opp ein vedlikeholdsfri hage, så berre kom med det! ;)

3 kommentarer:

Solveig sa...

Oss me he bytta ut omtrent alle buskasane oss planta først. Alltid nåkke oss heller vil ha, eller som må stå en anna plass :-) Heldigvis so e han Kenneth gla i hagearbeid. Ej e berre sånn passe gla i det, men lika no å ha det litt fint likevel da :)

Siv sa...

Ej e mektig imponert, det må ej sei! Ej he reve vekk alle blomstra i bedet her og fylt på me stein ej... der he du mej... ej synest det e utrulig fint med en blomstrande og velstelt hage, men ej he ikkje sjans til å klare å halde det slik. Det e masse arbeid! Men hagen din såg kjempeflott ut, Nina!!

Nina sa...

Men Siv, du fekk no et vedlikeholdsfritt bed da! :)