Etter jobb på onsdag heiv vi oss rundt å pakka inn i bilen og køyrde i veg. Alt er så mykje lettere sånn sett når ein køyrer med senga bak i bilen.
Vi kom til Arvika på torsdag. Der var mange ender på stranda som fekk fordøye vårt gamle uttørka brød. ;) Martin og Sverre syntes det var så gøy at alle endene sverma rundt dei! Det var nok litt skrekkblanda fryd.
Fredag skein det opp og vart så varmt og flott, så då fekk Sverre bade. Det var litt for kaldt for oss andre, så vi nøydde oss med å vasse. Vi hadde campingplass rett ved strandkanten, så ungane kunne utfolde seg fritt i sanden medan vi sat på campingstolane ved bilen og fulgte med.Det var så koselig å vere på campingferie igjen! Vi har kun vore på hytte eller telt med ungane før, men det blir noko heilt anna med campingvogn eller bobil. :)
På laurdag drog vi frå Arvika for å besøke onkel Odd og for å vere med på dåpsdagen til tante og onkel ungen vår Theodor i Oslo. :)
På laurdag drog vi frå Arvika for å besøke onkel Odd og for å vere med på dåpsdagen til tante og onkel ungen vår Theodor i Oslo. :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar