fredag 23. juli 2010

Blomsterpynt og livredning

I dag då eg trilla ein tur med Martin fann eg ut at eg skulle plukke med meg blomster å pynte på stovebordet. Kanskje nokon kjenner igjen bryllupsgåva dei gav oss på bordet her? Det er opptil fleire. :)
Men tilbake til blomstrane. Då eg skulle snitte dei for å få dei korte nok, oppdaga eg ein blindpassasjer. Det hang ei lita søkkvåt babyhumle og klamra seg fast for harde livet i den eine blomsteren eg hadde plukka! Stakkar....tenkte eg, så eg var veldig forsiktig så den ikkje datt ned då eg putta blomstrane i vasen. Den fekk henge til tørk i den varme stova vår i staden for å slite ute med pøsregn og 9 grader. Mat hadde den ôg. :)

Eg er ikkje heilt sikker på kva som hende med den vidare, for eg finn den ikkje att...Kanskje den har kome seg ut. Håper den ikkje ligg daud i ein vindaugskarm berre. Den ligg ialle fall ikkje nedi vatnet i vasen, det har eg sjekka. Spørs om eg ikkje var så god livreddar likevel...

Ingen kommentarer: