mandag 19. juli 2010

Kreta

Forrige veke pakka vi koffertane våre og tok turen til Kreta ilag med Linda, Per Kristian, Marius og Sarah. Vi hadde ein kjempeflott tur og her er nokre "få" av bilete av ferieopplevelsen vår.

Her sit vi på Vigra og venter på å få stige om bord i flyet. Då vi sat og venta var det ei dame som over høgtalaren sa: - På grunn av generalstreik i Hellas....(Nei! Turen blir avlyst tenkte eg), blir boardingen utsatt i 40 minutter. Puh! Eg har aldri vore så glad for ein forsinkelse før. ;)


Ivar og Per Kristian blir alltid tatt for å vere brødre når vi er på ferie ilag. Det er nok ei lita likheit der. Her ser de eit av bassengområda på hotellet vårt. Dette var det vi brukte mest. Det var nærmast romma våre. Biletet er teke frå terrassen vår. Vi budde på hotel Isida, og eg kan godt anbefale det til evt. reisende til Agia Marina på Hellas. Martin er ein kar som kan å slappe av! Han tok livet med ro mesteparten av turen han. Så ser de Ivar ca. eit minutt etter at han nesten drukna under leik med ein oppblåsbar bil i eit 1,20 m djupt basseng...


Sverre storkosa seg med bading. Han ville helst ikkje sette føtene på land for heile turen ;) Nesten alle restaurantane vi var på hadde eigne leikeplasser inne på restaurantområdet. Det var heilt supert for utålmodige små kropper. Martin hadde nok holdt på med leikehyttene endå om vi ikkje hadde reist derifrå. :)


Sverre fylte 6 år medan vi var på Kreta. Gratulerer med overstått godguten vår! Han fekk is med stjerneskudd på dagen sin ute på restaurant. Vi tok taxi tidlegare på dagen til ein diger alt-mulig-butikk der Sverre fekk velge seg noko til bursdagen sin. Som de ser er eg og Martin nesten like store badeløver som Sverre, men berre nesten. ;) Vi åt frukost på hotellet i pool-baren kvar dag, men det var greit å få i seg eit lite knekkebrød før frukosten.


Vi var innom eit lite tivoliområde der vi prøvde nokre båter og karuseller. Per Kristian tok rekorden på fotball maskina, medan Ivar tok basketrekorden der det var om å gjere å få flest treff på den tida som var til rådighet. Vi fann ein kjempekoselig strandrestaurant der vi åt litt kvelds og fekk oss noko å drikke. Vi enda opp med å dra dit dei neste dagane vi skulle på stranda. Mama mia heitte den. Kjempekoselige folk som jobba der! Bamse var innom hotellet vårt to gonger. Stas. :)


Det var sånne små "Thomas" tog som gjekk forskjellige turer rundt om i området. Vi tok ein tur som varte ca ein time. Den var spesielt beregna på unger og den gjekk gjennom ein skog, forbi appelsin plantasjer og nokre høner. Ikkje spesielt spennende, men vi fekk oss ei lita utflukt. :) Marius og Sverre leika seg godt og bada mykje. Det vart litt småkrangling i ny og ne, men dei vart nesten som brødre sidan vi var ilag heile tida, så det var vel berre å rekne med litt sånt. ;)
Martin nyt ein av mange iser ved bassengkanten.


Så avslutter vi med to naturbilete.

Ingen kommentarer: