No er Sverre snart skulegut. Han er ein gut med mykje omsorg i seg og er opptatt av at andre skal ha det bra. Han er kjempeflink storebror og passer på at Martin får det samme som han når det gjeld snacks. ;)
Sverre har kjempegod humor. Han flirer mykje og får oss til å flire mykje. Han er ein liten filosof, og tenkjer mykje på veldig mykje. Eg kunne sikkert ha hatt ein dagens Sverre på bloggen, for han seier utruleg mykje rart, men det er realistisk også. Han har tusen spørsmål, og det kan sette både vår og hans tålmodigheit på prøve. ;)
Han er ikkje berre ein blid gut med godt humør. Nei, han har eit voldsomt raseri til tider, men det er kun om han føler noko har vore urettferdig, eller om han ikkje får viljen sin når han føler han burde fått den. Det omhandlar som regel snop og snacks. :)
Sverre er også ein aktiv og spretten kar, og han sit sjelden rett veg. Han hopper som regel omkring, står på haudet og breaker. Han er ein typisk gut som skal spinne og sladde med sykkel, sjølv om han ikkje sykler uten støttehjul endå. Han leiker med actionfigurer og det er Bakugan og Ben 10 som er i vinden akkurat no.
Men Sverre er ein forsiktig liten kar og er ikkje den som står først i køa når det er noko på ferde. Vi har truffe på ein del sånne utkledde personer, som Bamse, Mikke og Knerten, men han har ikkje helst på nokon av dei. Då står han i bakgrunnen og ser på.
Han er veldig klar for skule no, og han kan ein del bokstaver, og han staver ord etter lyden deira.
Han skriv navna våre etter korleis bokstaven høyrest ut. Det blir spennende å følge med på utviklinga både på skulen og personen Sverre framover. :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar