For eit par dagar sidan gjekk eg og Sverre ut for å sjå om vi kunne finne noko bær. Vi er så heldige å bo sånn til at blåbærlyngen veks rett utanfor døra. :) I tillegg veks det langs heile grusvegen opp til huset vårt markjordbær i vegkanten! Dei smaker snop. Mmmmm ;)Vi fann både blåbær og markjordbær som de ser. Martin vil helst ikkje skitne ut hendene sine ved å ta i blåbæra, så han vil heller ikkje smake (sjølv om biletet taler annaleis)...Trur han har til gode å ete ei einaste bær, uansett sort, sjølv om vi tilbyr å putte den rett i munnen hans. Men vi har ein Sverre som et bær til gangs, så det blir ikkje noko til overs for den som er litt seint ute. ;)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar