Tann nr. fire!
Andre framtanna oppe var skikkelig laus då Sverre
skulle legge seg i forgårs.
Eg ville han skulle dra den ut, men han ville ikkje.
Eg sa at han ikkje måtte svelge den om natta da,
men då han våkna dagen etter var ikkje tanna i munnen lengre!
Han merka det ikkje før eg spurte kor tanna var han, hihi!
Eg gjekk for å sjekke senga, og der, under puta låg tanna.
Han meinte på at vi måtte legge den i eit glas vatn,
for det funka tydlegvis ikkje å ha den under puta... ;)
Då eg kom heim frå jobb, hadde Sverre lagt tanna i eit glas
med vatn ilag med nokre pengar.
Eg lurte på kvifor han hadde gjort det
og då svarte han at han ville sjekke om det vart fleire tenner!
Hehehe, barnesinn seier eg berre. :D
No har Sverre mista to tenner nede og to oppe.
Dei to til sides med dei to han har mista nede står for tur,
for dei er heilt lause dei og. :)
Sverre kjem til å sjå ut som eit sjakkbrett når han mister dei!

2 kommentarer:
Hi-hi, so artig :-) Artig når dei bjynn å bli tannlause!
Ja, det bli litt forandring i måten å snakke på mæ merka ej, for s'ane og t'ane bli litt rare, hihi :)
Legg inn en kommentar