I år ville vi prøve å lage vår egen fuglemat!
Eg fekk inspirasjon frå fattighuset, og syntes det såg veldig gøy ut.
Så eg kjøpte inn frø og feitt og vi sette igong. :)
Sverre fekk ansvaret å klippe opp posen med frø
og tømme den i bollen.
og tømme den i bollen.
Ein fornøgd Martin her, sjølv om han ikkje fekk klippe... ;)
Hmmm, er dette godt?
Nei.
Vi smelta feittet og tømte det i frøblandinga.
Det var mi oppgave sidan smelta feitt er veldig varmt!
Sverre blanda i vei, djup konsentrasjon.
Vi brukte ungane sine plastkopper til støypeformer.
Vi berre fylte dei opp og sette dei kaldt sånn at feittet stivna.
Så var det å leite fram litt hønsenetting og ståltråd,
og vips så har vi kjempefin heimelaga fuglemat!
Eg var nøyen med å bende inn alle spisse ender på nettingen
sånn at fuglane ikkje skal stikke seg.
Det er sikker fint å bruke not og tråd også.
På fattighuset hadde dei støypt inn ein tråd i meisebollane sine.
Eg kom på for seint at vi skulle gjort det,
så det vart hønsenetting på oss.
så det vart hønsenetting på oss.
Fire-fem hol i tomlane høyrer vel med det til sånt pøt. ;)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar