Vi har hatt bakedager her i heimen.
Søndag kom tante Elin, Bertine og Fredrik bort
for å bake julemenn ilag med oss.
Kjempekoselig tradisjon som vi starta i fjor. :)
Bertine og Sverre i kjevla og kjevla og kjevla....
Eg hadde visst laga ei deig som ikkje var meininga
å klare å kjevle ut for hand. ;)
Men med litt makt og mykje tålmodigheit,
fekk vi has på deiga til slutt.
Kvar si stor boks med julemenn fekk vi.
Heldigvis var smaken bedre enn deiga var mør. ;)
I bakgrunnen ser de dei heimelaga juledropsa våre.
I bakgrunnen ser de dei heimelaga juledropsa våre.
Mandag var eg heime med Martin som hadde fått augebetennelse.
Vi brukte dagen på å få baka litt meir vi. :)
Det vart kransekakepinner og pepperkaker.
Viktig å kose seg medan ein baker som de ser!
Eg hadde hjelp fra Martin til å begynne med,
men når han fann ut at kransekakedeiga var klissete,
sette han seg heller ned i sofaen og ropte på Gluggen
ilag med resten av Mikke Mus klubbhusgjengen på tv.
Då Sverre kom heim bakte vi pepperkaker.
Vi venta til han kom heim frå skulen med å lage dei,
for han hadde så lyst til å vere med på det. :)
Pepperkakene våre. Mmmmm...
Vi får sjå om vi pynter dei seinere.
Kransekakepinnane våre. Også mmm... :)
Dei skal, i motsetning til julemanndeiga, vere seige.
Då er dei aller best!
Då er dei aller best!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar