lørdag 18. desember 2010

Juletrehenting og skileik

I dag har Sverre vore på besøk med ein klassekamerat
på skileik og innandørs leik etterpå.
Vi fekk melding i går med invitasjon til gutane i
1. og 2.klasse om å komme kl.11 i dag med ski.
Veldig kjekt, og kjempegod idè!
Medan Sverre var på besøk der, tok Ivar med saga og
gjekk ein kjapp tur bak huset for å finne eit juletre til oss!

Sidan Martin er forkjøla med ei litt ekkel hoste,
var eg inne med han, men vi fulgte med fra vindauget!
De ser Ivar mellom trea,
omtrent midt i ruta over hovudet til Martin.
Han kom ned med eit tre som vi skal prøve
å få plass til i stova i morgon.
Det står i garasja for å aklimatisere seg no.
Eg har haurt at det skal vere bra... ;)

Ingen kommentarer: