No er det tid for å levere inn julegaver til ungane i Ukraina. Vi leverer inn til barnehagen, så sender dei gavene videre. Kjempeflott tiltak! Vi spanderer nok på oss sjølve av ting vi kanskje eigentleg ikkje har bruk for, så å gi nokre gaver til unger som kanskje ikkje får julegaver eingong er det minste vi kan ta oss råd til spør du meg. ;)

Her er eg og Sverre i full sving i går kveld. I år tok vi oss tid til å skrive ei lita helsing på korta som vi la inni pakken i tillegg til at Sverre teikna ei teikning til kvar pakke. Helsinga skreiv vi på engelsk, så vi håper at nokon kan oversette til ungane der pakken ender opp. :)
Sverre meinte at det skulle stå "klemz fra Sverre" på korta, men vi enda opp med "big hug from Sverre (5 years) and Martin (1 year) from Norway", sidan dei heilt sikkert ikkje kan norsk der pakken ender opp.. ;)
Alle pakkane vart merka med boy eller girl og alder.
Og jammen kom ikkje julestemninga litt sigende ôg! :)
1 kommentar:
Oss skal ta oss et rafs når helga e over. Kunne ha sendt maaaange gåver, for her bugnar over av leiker som ikkje bli brukt... Så kjekt med ei helsing og tegning frå Sverre inni da:)
Legg inn en kommentar