I dag tok eg med Martin til helsestasjonen for å få vaksine mot svineinfluensa. Sverre fekk tilbud om å ta den samtidig, men han vart fraråda av legen å ta den no medan han går på penicilin.Han hadde ikkje svineinfluensa, men eit virus som hadde gått videre med komplikasjon i form av bihulebetennelse. Den trong han penicilin for å bli kvitt. I morgon er siste dagen med tabletter, så vi satser på vaksinering mandag!
Då vi sat der på helsestasjonen og venta på tur, fekk eg beskjed om at dei kom til å løyve nokre få vaksiner i dag, så om eg ville kunne eg bli vaksinert samtidig med Martin! Det tok eg imot, så no er både eg og Martin vaksinert. :)
Dei måtte kaste vaksinene om dei ikkje vart brukte i dag, for dei held seg visst ikkje meir enn til neste dag når glaset er åpna. Og sidan det er laurdag i dag og neste vaksineringsdag er mandag, fekk vi foreldra som møtte opp med ungane våre tilbud om vaksiner ôg. Ivar vart sett opp på venteliste, men dei hadde ikkje fleire att då, så han får vente litt til. ;)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar