Sverre har vore heime frå barnehagen dei to siste dagane fordi vi brygger på noko heile gjengen. Vi veit ikkje kva sjuke det er vi har, men vi er veldig tørre og tette i halsen, Sverre er snørete, Ivar har mista stemma, eg og Martin er ellers i god form og uten snørete nase. Alle er framleis feberfrie, så vi trur ikkje det er svineinfluensa. Men vi vil vere på den sikre sida før vi sender Sverre på barnehagen igjen sidan både han og Martin spydde på søndag og vi vart tette i halsen.
Sidan vi held oss inne må vi finne på noko anna enn å sjå på tv, for det kan bli litt vel mykje barne-tv no når det er teiknefilm heile dagen enten på NRK super eller Disney Channel (sjølv om det kan vere godt å ty til litt tv-titting når alt anna er kjedelig). ;)
Då fann vi ut at vi ville bake. Sunn bakst denne gongen. :)

Vi enda opp med eit brett med rundstykker, to store brød og i tillegg...

laga Sverre eit lite brød i brødforma si. Den er ca 15x7 cm, så det vart nette skiver dette, men dei smakte ekstra godt sidan han laga det sjølv!
2 kommentarer:
Høyrest ut som det e same sjuka so he florert her ute. Synne, Hedda og ej he hatt det i familien her. Tørr og ekkel hals, stemmeløyse og Synne ha litt feber men ikkje masse. Gjekk over ette ei lita veke. DET gode brødet da, forresten!!
D e sikkert samme sjukå. Brødet va kjempegodt det ja. Ej brukte den mjølblandinga som heite til grov bakst. Den kjøm i 1kg pakka, men ej brukte to pk da, so fekk oss meir når oss først baka. :)
Legg inn en kommentar