tirsdag 10. november 2009

Enda ein gong

Då har Sverre endå ein gong slått seg i barnehagen. Som sagt før, så er ikkje Sverre av den typen som slår seg og får eit skrubbsår, nei, han er av typen som slår seg og får donaldkuler og kutt som treng strips.

I dag fekk eg telefon frå barnehagen om at Sverre hadde hatt eit uhell. Skrekk og gru! Denne gongen hadde han sklidd på ei grein i eit tre, og då han datt fekk han ei grein opp i munnen. Den stakk heldigvis ikkje bak i halsen, men den traff opp mellom tennene og overleppa, sånn at leppebandet revna rett av ved tannkjøtet.

Det går bra med Sverre no. Eg sit her berre å lurer på kva som blir det neste...

3 kommentarer:

Siv sa...

Huff da... Sjøl om han e uheldig no og då, so fær dåkke sjå på det som sunnhetstegn at han e aktiv:)

Nina sa...

Ja, d e no nesten komisk heile greiå. Då ej henta han i barnehagen ette d hadde skjedd tok han likso godt å sila ned rekkverket i trappa på skulen...ka ska an no sei da? :)

Oddny sa...

Eg var sånn som slo meg masse sjølv då eg var lita og det syntest eg ikkje gjorde noko, men då eg las posten din kom eg på at vesleguten min også sikkert kjem til å bli sånn som Sverre er og eg var - han kjem til å kakke seg i eit bankandes køyr... *grøss*
Heldigvis skal det litt til for at det blir skikkeleg gale, men det er no skummelt med sånne små som slår seg likevel :-)