Då er kommunestyremøtet med saka om skulenedlegging over. Og vi får behalde skulen! I alle fall til 2012...då er det tanken at vi skal starte friskule med Montessori pedagogikk i staden. Om det ikkje er på plass til 1.august 2012, må ungane våre gå på skule i Brattvågen og skulen her på Hildre blir nedlagt. Det må berre ikkje skje! Men det er valg før den tid, så det er ikkje umuleg at vi får behalde kommunal skule på Hildre sjølv om vi no jobbar mot friskule. For kommunal skule er førstevalget. Friskule er det einaste alternativet til skule på Hildre slik saka står no. Og vi skal ha skule på Hildre! Ferdig med det.
Vi gløymer ikkje så lett denne saka her. Den blir nok alrdri gløymd blant oss her. Det stakk djupt denne gongen, det har vel dei fleste fått med seg via media. At dei så lett kan ta opp att denne saka berre to år etter dei la den død sist er heilt ufoståeleg for oss!
Om friskule er den einaste forsikringa vi har for at nedlegging av skulen vår ikkje skal kome opp att med det første, så ja mange takk! Kanskje det til og med er eit betre alternativ enn kommunal skule? Det vil tida vise. ;)
Det er i alle fall viktig i mitt syn å ikkje døme det nord og ned uten først å sjå resultata av læremetodane dei brukar på mine eigne born, for alle er ulike og har individuelle behov. Då kan ein bestemme kva som er den beste skulen for borna sine, ikkje utifrå forutintatte meiningar. Friskule er valgfritt og ein kan fint velge kommunal skule om ein meinar det er best. Men det er viktig å tenkje godt gjennom kva ein verkeleg vil no, for barneskuleåra får ein ikkje att, friskule eller kommunal skule.
Eg meinar det er viktig å tenkje nytt og Hildre skule er allereie inne på dette med aldersblanda klasser der alle kan lære av kvarandre, som Montessori. Og vi har ein sånn fin og trygg overgang frå barnehage til skule sidan dei held til i same bygget, så dei eldste og yngste "kjenner" kvarandre allereie før dei byrjar på skulen. Vi vil ha det sånn og ingen skal få ta frå oss det! ;)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

1 kommentar:
Hei. Las om saka i Haramsnytt... Bra det ikkje vart nedlegging med ein gong då.... Innpå Vikebukt, i Vestnes kommune, der blei skulen nedlagt, og dei starta opp Montesorri-skule. Trur det har gått bra der inne. :)
Stå på!
Legg inn en kommentar