Torsdag 12.november var det jungelfest på barnehagen! Vi fekk servert jungelsuppe som barnehageungane hadde delt opp grønsakene og kjøtet til. Det var kjempegodt! :)Etter maten var det litt underholdning med ungane og Sverre var med i eit rockeband som gitarist. Han skal bli rocker seier han, så han vil ikkje klippe seg fordi han skal ha langt hår sånn som rockarane har. Trur det blir ein tur på frisøren snart. ;)
Ungane hadde laga forskjellige ting som vi fekk kjøpe og pengane gjekk til tv-aksjonen.
Etter festen var det rett heim for å ha familieselskap sidan Martin fylte eit år samme dagen. :)

Her er Martin i full gang med å innta bursdagskaka. :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar