torsdag 12. november 2009

Korpsøving

Her er klarinetten min! Den tok eg med meg og drog på korpsøving i kveld. Det var gøy! Det er iallefall 13 år sidan eg spelte på ein klarinett sist, så eg var litt spent då eg investerte i det. Men det gjekk overraskande bra, og gammal kunnskap var ikkje heilt bortkomen. Eg kunne faktisk til og med lese notar!
Eg har tjuvøvd meg eit par gongar heime før eg tok turen til korpsøving i dag, så å spele med dei andre gjekk heilt fint.
Vi var berre 6 stk i tillegg til dirigent/musikant Jan Granum. Han skal vere dirigent for oss og i tillegg spele sjølv, for vi er ikkje fleire enn 10-12 stykker. Vi starta opp i år og tromma sammen litt folk for å lage korps igjen på Hildre. Det har ikkje vore korps her på mange år no. Planen er å spele på juleavslutningane og i 17.mai-toget.

3 kommentarer:

A sa...

Oi - fekk skikkeleg lyst til å ta opp att spelinga når eg las dette!

Siv sa...

Kjempegreier ditta:) Fær ej spør om ka det kosta for en klarinett? Lure på om oss skal investere i det i heimen..

Nina sa...

Ej kjøpte en klarinett via et musikkstudio på Finn.no. Den kosta ikkje meir enn 1290 kr! Men du fekk kjøpe klarinetta te 30.000 kr mæ, for spesielt interesserte spør du mej. ;)