Då tenke eg oss starta bloggen med fødselen til Martin. :)
Eg hadde termindato 28.november, men skulle takast med planlagt keisersnitt 20.november.
Det blei det ikkje noko av, for Martin ville ut før! Natt til 12.november starta det med smårier, så vi drog på sjukehuset for å sjekke om noko var på gang.
Der vart eg undersøkt, og eg var heilt moden. Så då måtte vi vente til legane var ferdig med morgonmøtet sitt før vi fekk vite kva som skulle skje no.
Då legen kom inn, sa han at eg skulle takast på slutten av dagen, etter operasjonsprogrammet var ferdig.
Vi vart litt paff, for no skulle vi plutselig få en krabat til! Vi var ikkje heilt forberedt, for det skulle jo ikkje skje før om 8 dager...
Men greit nok det! :)
Eg tok nokre telefoner, og Ivar...
...åt frokosten min... :/
Til Ivar sitt forsvar så kunne ikkje eg ete pga keisersnittet eg skulle ta...
Det vart imidlertid ikkje noko av det heller, for no fekk eg kraftigere rier, og då var det berre å ordne meg til keisersnitt med ein gong. Så kom legen inn og sa at no var dei klar for oss, og då vart eg trilla ned. Hjelp!
Alt skjedde så fort uten at eg fekk summa meg (ikkje Ivar heller) ;)
Men alt gjekk bra med både mor og barn...og far :)
Martin vart "fødd" 12.november kl13.19. Han vog 3710 gram og var 49 cm lang.
Og heilt perfekt! :)

1 kommentar:
ja søs, an e heilt perfekt. Kult du he laga blogg:)
Klem Sunni
Legg inn en kommentar