Ja, no er det mindre enn to månader igjen! :D
No er det meste under kontroll. Eg har faktisk klart å kost meg under planlegginga uten å føle presset. Eg og Linda skal snart på salong og teste ut ansiktsbehandling før den endelege timen med ansikstbehandling og manikyr, sånn at vi ikkje kjem til bryllupsdagen med opphovne ansikt fordi vi ikkje har tålt produkta. Så er det kos da, med ein sånn veninnetime. :)
Dei siste dagane har eg holdt på med sanghefter og kyrkjeprogram, funne musikk til kyrkja og laga bordkort.
No må vi berre sende inn papira vi har signert og håpe vi blir godkjende for giftemål. :) Dei skulle vel strengt tatt vore inne for ei stund sidan, men eg trur det går bra.
Så må gutane våre prøve dressane på brudebutikken og vi må hente ringane og bestille prøvetime med frisøren til meg og Linda. Åh! Dette er so kjekt! :D
Gleder meg til dagen!
Ønskelista er ikkje komen så langt endå, men den er på gang.
Husk dei som har fått invitasjon at datoen for å gi beskjed om de kjem eller ikkje er 1.mai! Om de ikkje har gitt beskjed til då, så purrer eg på. ;D
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

3 kommentarer:
Bra du kosa dej, e no vel det so e meininga? ;)
Gleda mej til dagen, e spent på både kjole, og karane i dress ;) Men ej kom på det at ej hekje bestilt hotellrom, kanskje ej burda fått fingeren ut og gjort det ja....
Kryssa fengrane for strålande ver og et kjempeflotte dag!
MÅ sei ifrå viss du treng nokke hjelp til nokke ;)
Du/dokke he ei spennandes tid i møte. Kos dej masse i planlegginga og alt blir nok heilt perfekt til den store dagen.
Ja, håpe det gjeng som smurt, men d ekje nåkke stress! Det meste e på plass no. Må berre bli godkjent av skattekontoret no. ;)
Du ska få lov å lage ei kake Vibeke visst du vil! Det e du so flink te. :)
Legg inn en kommentar