Vi har pussa opp gamlerommet til Sverre
og no er det Martin sitt første soverom.
Det er igrunn berre tre av veggane som er
måla i ny farge (Jotun aladdin) i tillegg
til at vi har ommøblert. ;)
Martin er vedlig glad i bøkene sine.
Dei har fått plass nederst på hylla sånn at
han lett kan nå dei.
Eg likte veldig godt denne fillerya som eg fann
på Europris til rundt hundrelappen. Kjempefin!
Her ser de hylla bedre. Den som er kjent med IKEA,
vil sikkert raskt sjå at det er ei sånn hylle
som skal henge på veggen og lage sikksakkmønster
i staden for ei trapp, men eg syns den funka best sånn. :)
Den hang som sikksakk hylle då Sverre hadde dette rommet.
Gyngehesten fekk Martin til jul i år.
Ryggsekken fekk Sverre til jul for fire(?) år sidan
og no har Martin fått arve den til store begeistring.
Fantorangen morgenkåpa er sjølvsagt på plass.
Knaggrekka som også er kjøpt på Europris,
er hengt opp langt nok nede sånn at Martin lett kan henge fra seg,
eller hekte av ting. Praktisk og funksjonellt er viktig.
Wallstickersen er i tillegg ei krittavle, kjøpt på Nille.
Her sit Martin og ser i ei av bøkene sine i bilsenga.
Den er også arva fra Sverre, men madrassa er ny.
Her ser de også grunnen til at berre tre av veggane vart måla.
Eg måla dette flyet og skyene til Sverre då rommet var nytt.
De ser også kvifor dei tre andre veggane vart måla,
for heile rommet hadde denne knallblå fargen som
er fin til ein himmelvegg med skyer og fly,
men den gjorde også sitt til at vi vart litt småsvimmel av å gå inn der. ;)
Utsikta er det ingenting å seie på.
Her kan Martin følge med på båtane i leia,
men han må stå i senga da.
Navnet sitt på døra har han fått.
Måtte berre slenge med eit bilde som Martin tok i samme slengen.
Han kan å velge sine motiv den karen. :)

3 kommentarer:
åååå, superkosli rom då! :)
Tusen takk!
Det vart akkurat sånn ej håpte det skulle bli. :)
Du har ikke tilfeldigvis navn/fargekode på fargen på veggen med flyet? Send meg gjerne en mail om du har det :) (emilieeckbo@hotmail.com)
Legg inn en kommentar